Sykle til jobben kampanjen er i gang!

Er du påmeldt? Ta del i kampanjen 3. mai - 16. juni ved å sykle til jobb, eller komma deg i aktivitet med din favoritthobby.!Ta ein løpetur, prøv klatring, delta i lagspel, eller utforsk yoga. Kva som helst form for aktivitet tel.

Bildekomposisjon av aktive menneske i ulike aktivitetar - Klikk for stort bilete

 

Kan i tillegg reduserer klimagassutsleppa!

Kampanjen bidreg ikkje berre til å styrkje helsa, gi meir energi og fremje fellesskapet på jobben, men han handlar òg om å redusere klimagassutsleppa. 

Ved å velje sykkel eller gå istadenfor bilen, kan me vera med på å gjere ein positiv skilnad. Dersom 10 personar syklar til jobb og frå jobb frå Øystese til Norheimsund i løpet av ein månad, istadenfor å køyre bil, kan me saman spara miljøet for ca. 45 kg CO2-utslepp. 

La oss saman gjere ein innsats for miljøet denne månaden!

 

Sykle til jobben-kampanjen gjev deg akkurat den motivasjonen og støtta du treng for å ta det første tråkket ut av døra og inn i ein sunnare livsstil.

Aktivitet reduserer også kroppen sine stresshormon og bidrar til meir fornøgde tilsette. I tillegg veit ein at gode aktivitetstilbod er viktig både for å rekruttera og behalda gode tilsette. 
Den sosiale støtta frå kollegaer, familie og vener gjer det er lettare å oppretthalde gode aktivitetsvanar, som på sikt kan førebygga sjukdom og redusera sjukefråvær.

Sykle til jobben gjer ein forskjell for dei som deltar, og meir enn 90 % seier dei vil delta igjen. Med 50 års erfaring veit menneska bak kampanjen at ein klarar å auke aktivitet, løfte samhaldet og at det er kjekt å vera med på.

 

Kampanjen varer i seks veker, frå 3. mai til 16. juni og er for alle som bur eller jobbar i Kvam herad.


Dette er eit gratis tilbod for alle som bur eller jobbar i kommunen. Det er utforma som eit lågterskeltilbod som passar for alle, uansett form og utgangspunkt, du vel sjølv kor mykje aktivitet du sjølv vil gjere. All aktivitet til og frå jobb og på fritida tel, og alt kan registrerast i appen Bedriftsidretten. Kvar veke publiserast nye utfordringar og premiar på Sykle til jobben sine nettsider, noko som kan inspirere deg til å prøve noko nytt. Så følg med framover!

 

Delta som lag eller åleine

Du kan delta individuelt eller som eit lag på maks fem personar, saman med familie, venner og kollegaer, og slik ta del i trekninga av syklar, turar og treningsutstyr. 

I tillegg stiller kommunen med spennande premiar til både lag og enkeltpersonar.

 

Last ned og registrer deg i appen Bedriftsidretten eller klikk deg inn på nettsida: www.sykletiljobben.no for å melde deg på.

 

Her kan du ta ein kikk på vinnarane frå 2023.

 

Spørsmål om kampanjen?

Ta kontakt med Stine Marie Iversen, miljøkoordinator.

E-post: stiive@kvam.kommune.no