Vikarkoordinatorar søkjer vikarar!

Barnehagane i Kvam har eigne vikarkoordinatorar som jobbar for å ha god oversikt på tilgjengelege vikarar i Kvam.

Bilde av dei nye vikarkoordinatorane - Klikk for stort bileteEvy og Ann-Christin

 

Dei oppfordrar aktuelle kandidatar til å søkje jobb som ringevikar i barnehage!

Aktuelle kandidatar kan vera:

  • Deg som har litt ledig tid
  • Har ein fleksibel kvardag
  • Personar som har noko ekstra å gi
  • Er sjølvstendige og byr på seg sjølv
  • Går med eit ønske om å bidra
  • Klarar å sjå ALLE barna
  • Er litt leikne og kan tilpassa seg barna sitt behov

Det er ein givande og utviklande jobb, der ein kan vera med å skapa gode barndomsminne og livsglede for barnehagebarn!

Som vikar tek du på deg eit meiningsfylt oppdrag, du gjer ein forskjell i eit barn sitt liv og du får bruka deg sjølv og dine ressursar på ein god måte.

Har du ein- eller eller fleire dagar ledig i veka?
Likar du å gje av deg sjølv, for så å få lærdom og glede tilbake?


Søk då vel! - er koordinatorane si oppfordring til personar som kanskje ha ein litt fleksibel kvardag.

Følg lenka for stillingsutlysinga: Jobb i barnehage - open søknad!

 

bildekomposisjon av bilder frå Bjørketeigen barnehagefilm. - Klikk for stort bileteRita og Eirik, var på dette tidspunktet lærlingar i Bjørketeigen barnehage

 

Bli kjent med vikarkoordinatorane

Ann-Christin Olsen og Evy Straumstein Bekkesletten vart i haust tilsett i nyoppretta stillingar som vikarkoordinatorar/administrasjonsmedarbeidarar i barnehagane i Kvam.

Evy i 80%.
Ann-Christin i 40% stilling.

Både Ann-Christin og Evy er utdanna barnehagelærarar og har lang fartstid som pedagogiske leiarar. Dei har gjennom mange års erfaring gjort seg godt kjente med barnehagekvardagen og korleis strukturen er i ein barnehage.

I den nye jobben har dei ansvar for å rekruttera og fordela vikarar til alle dei kommunale barnehagane. I tillegg avlastar dei styrarane i dei tre største barnehagane i kommunen med administrative oppgåver.

Stillinga er blitt forma av Ann-Christin og Evy sjølve og dei er heile tida i endring for å finne den beste løysinga på oppgåver og utfordringane som møter dei.

_______________

Ta gjerne direkte kontakt med ein av dei:

Ann-Christin Olsen
Tlf. 989 02 862
E-post: annols@kvam.kommune.no

Evy Straumstein Bekkesletten
Tlf: 488 60 046
E-post:evybek@kvam.kommune.no