Ikonforklaringar
| Oppdatert: 4. juli 2007 Ansvarleg: Frank Tangen - Informasjon |
|
| Nederst på alle våre sider finn du ei rekke med ulike ikon. Desse ikona illustrerer ulike tenester. Her får du ei forklaring på dei ulike tenestene: |
TILBAKE  Dette brytarvalet er det same som nettlesaren sin tilbakeknapp; den hentar fram den sida du kom frå.
RESTARTAR WWW.KVAM.NO  Dette brytarvalet restartar nettportalen til Kvam herad.
STATISTIKK PÅ WWW.KVAM.NO  Dette brytarvalet viser bruken av wwww.kvam.no den siste veka.
FORSLAG/FEILMELDINGAR  Har du forslag eller vil rapportere feil på sider, kan du nytte dette brytarvalet.
SKRIVE ARTIKKELKOMENTARAR  Dette ikonet blir kun vist på dei sider der det er mogeleg å kommentere. Det gjeld alle artiklar og tenester samt mange andre kategoriar. Kommentarane kan redigerast og slettast når som helst av den som har registrert dei. Kommentarane vert lenka til den aktuelle artikkelen.
LESE ARTIKKELKOMENTARAR  Ved å klikke på dette ikonet får du fram alle kommentarar som er lagt inn til publiserte artiklar på våre nettsider.
MOTTA NYHENDE PÅ EPOST  Me gir no deg høve til å motta nyhende frå www.kvam.no direkte til di epostadresse. Nederst på denne sida finn du ein del ikon. Det eine ikonet ser ut som ein konvolutt med eit brev i. Ved å klikke på det ikonet kjem du inn på ei side der du kan registrere namn og epostadresse. Nyhende frå våre sider vil så bli sendt di epostadresse med ujevne mellomrom.
TIPS NOKON OM SIDA VIA EPOST  Det har lenge vore høve til å sende eit tips til ein epostmottakar viss du finn ein artikkel du synest er spanande. Tidlegare var tipsskjemaet tilgjengeleg på bunnen av kvar artikkelside. No må du klikke på ikonet med ein pekefinger i lufta for å få fram tipsskjema.
STARTSIDE  Me har gjort det enklare for deg å setje Kvam herad sine internettsider som di faste startside. Klikkar du på ikonet av eit hus vil du setje Kvam herad sine nettsider som di faste startside. Kvar gong du startar Internett vil du kome rett inn på Kvam herad sine nettsider.
BOKMERKING  Nyttar du Internet Explorer som nettlesar kan du bokmerke den sida du er inne på via dette brytarvalet. har du andre nettlesarar må du opne den aktuelle sida i eige vindauga og nytte nettlesaren sin bokmerkemeny.
SKRIV UT DENNE SIDA  Klikk på dette ikonet vil opne sida i eit eige vindauga. I tillegg vil bunnteksten samt desse ikona fjernast slik at dokumentet er reint og klart for utskrift. ACROBAT READER  Viss du ikkje har gratisprogrammet Adobe Acrobat Reader kan du laste det ned via dette menyvalet.
VALIDERING AV SIDENE  Desse tre ikona viser om sidene våre held mål ut frå W3C sine krav. Ved å klikke på ikonet heilt til venstre vil den aktuelle sida bli testa opp mot kvalitetskriteria til W3C. |
|
|
| |
|
|
|
|
|