Lenke til artikkelinnhald - VernepleiarLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | LAGSPORTALEN | VAL | KVAM | PLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
AKTUELT
ledige stillingar
- Ny plattform for..
kunngjering
nyhende
lagsportalen
kalender
logg inn/ mi side

Du er her: Startside / aktuelt / ledige_stillingar /

Vernepleiar


OBS! Denne artikkelen er henta frå arkivet og er gått ut på dato. Innhaldet kan difor vera utdatert.


Utskriftsvenleg side Lagt ut 18. desember 2017 kl. 14:26 av Anne Vestrheim
Søknadssenter
Me søkjer deg som ønskjer å arbeida med menneske med psykisk utviklingshemming. Me kan tilby 50 % stilling ved dagsenteret i Pleie og omsorg frå februar 2018.

Sak. 17/1871

Ledig 50 % stilling frå 01.02.2018. Stillinga er for tida knytt til arbeid ved dagsenteret i sone Øystese.

Dagsenteret på Øysteseheimen er felles for sone Norheimsund og sone Øystese. Det er eit dagsenter med 2 avdelingar, ein for eldre og ein for menneske med psykisk utviklingshemming. For tida er den ledige stillinga lagt til avdelinga for menneske med psykisk utviklingshemming.

Kvalifikasjonskrav:
*Norsk autorisasjon som vernepleiar eller anna relevant utdanning (t.d. aktivitør, helsefagarbeidar, barne- og ungdomsarbeidar)
*Me søkjer deg som er engasjert, tålmodig og kreativ. Du kan tilrettelegga for aktivitetar innan mange felt, som song/musikk, fysiske aktivitetar inne/ute, og forming.
*Du må kunna jobba sjølvstendig og vera fleksibel.
*Førarkort for personbil
*Beherska norsk skriftleg og munnleg

I Kvam herad legg me vekt på at tilsette er:
• serviceinnstilt og imøtekomande
• tek ansvar og er profesjonelle
• samarbeider med andre
• deler kompetanse og er nytenkjande

Alle som yter tenester etter helse og omsorgstenestelova skal frå 1. januar 2017 levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor leggja fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggjast ved søknaden.

Me kan tilby:
• engasjerte medarbeidarar i eit fagleg godt arbeidsmiljø
• gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår.
• løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønnssystem

Kontaktperson for stillinga: leiar dagsenter Hanne Mari Solheim Aarsand – 976 10 603
E-post haaa@kvam.kommune.no

Søknadsfrist: 21. januar 2018

Søk via vårt digitale søknadssenter.

Hugs å føra opp utdanning og praksis, også om du har opplyst om dette i tidlegare søknadar
til kommunen. Søknadspapir, kopiar av vitnemål og attestar osv. vert ikkje returnert.


Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad er ein inkluderande arbeidslivsbedrift (IA) og ønskjer å leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta.

Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.





Lenke: http://felles
Søknadssenter


Ny plattform for utlysing av og søknad på ledige stillingar

25. januar 2018 kl. 14:20 - Frank Tangen
Kvam herad har tatt i bruk programvaren Webcruiter som verkty for publisering av ledige stillingar. Programmet tilbyr også digitale søknadsskjema for alle våre ledige stillingar. Diverre får me ikkje med oss data frå vår tidlegare søknadsmodul over i Webcruiter, så søkjarar som har søkt tidlegare må leggja inn sine data på ny i Webcruiter viss dei søker nye stillingar.


Legevakt 116117


SØKNADSSKJEMA Søknadsskjema


FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no