Lenke til artikkelinnhald - Notanes, oppstart av reguleringsplan for offentleg avlaupsanlegg og parkområdeLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | LAGSPORTALEN | VAL | KVAM | PLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
AKTUELT
ledige stillingar
kunngjering
nyhende
- Komfyrvakt redda..
- Tilbod om barneh..
- UKM 18. februar ..
- Melding om oppst..
- Melding om oppst..
- Retningsliner fo..
- Kulturtilskot fr..
- Vegarbeid i Skår..
- Vegarbeid på Fv7..
- Vegstenging - Ne..
- Kvam herad tilby..
lagsportalen
kalender
logg inn/ mi side

Du er her: Startside / aktuelt / nyhende /

Notanes, oppstart av reguleringsplan for offentleg avlaupsanlegg og parkområde


OBS! Denne artikkelen er henta frå arkivet og er gått ut på dato. Innhaldet kan difor vera utdatert.


Utskriftsvenleg side Lagt ut 15. januar 2018 kl. 11:27 av Leiv Ingmar Kaale
Føremålet med detaljreguleringsplanen er å leggja til rette for utvida avlaupsanlegg med tilhøyrande infrastruktur og uteområde.

Kvam herad har engasjert Geoplan AS til å utarbeida forslag til reguleringsplan. Avgrensing av planområdet går fram av
kartskissa


Dersom du har meiningar om arealbruken eller om du meiner at det er noko spesielt som planen må ta omsyn til, kan du senda dette til Geoplan. Frist for å koma med innspel er sett til 12.02.18.

Adr. til Geoplan er: Sandvenvegen 18, 5600 Norheimsund
e-post: post@geoplan.no


Komfyrvakt reddar liv!

15. februar 2018 kl. 08:48 - Arthur Strømme
Me veit at komfyrbrannar er den klart største årsaka til brann i heimen, i fjor faktisk over 45 prosent av bustadbrannane her i landet. Ved å installera komfyrvakt kan du hindra komfyrbrann.

Tilbod om barnehageplass frå august 2018

15. februar 2018 kl. 06:33 - Beate Gauden
Hovudopptaket for tildeling av plass i barnehage i Kvam er no gjennomført. Alle born som er fødde før 01.12.2017 og som søkte om barnehageplass innan søknadsfristen 01.02.2018 har fått tilbod om barnehageplass i det området dei har søkt plass i.

UKM 18. februar kl. 14 i Norheimsund idrettshall

12. februar 2018 kl. 12:45 - Rolf Seldal
Kvam kulturskule arrangerer UKM i Norheimsund idrettshall søndag 18.februar kl.14.00. GRATIS INNGANG! Sal av mat og drikke!

Melding om oppstart av detaljreguleringsplan på Kvamskogen - Fureberghovden

6. februar 2018 kl. 14:25 - Trond Inge Brakestad
I samsvar med plan- og bygningslova § 12-8 vert det med dette meldt at Geoplan AS på oppdrag for Marianne Neumann Hjelle og Borghild Monsen Tveit, skal utarbeide ein detaljreguleringsplan for eigedomane gnr. 19 bnr. 547 og 548 m.fl. på Fureberghovden på Kvamskogen.

Melding om oppstart av detaljreguleringsplan på Kvamskogen - Området ved Kvamskogen landhandleri

6. februar 2018 kl. 13:45 - Trond Inge Brakestad
I samsvar med plan- og bygningslova § 12-8 vert det med dette meldt at Geoplan AS på oppdrag for NAF kro & camping AS skal utarbeide detaljregulering for eigedomane gnr. 21 bnr. 35, 612, 385, 730 m.fl.på Kvamskogen.

Retningsliner for tilskot til lokale kulturbygg - frist 15.3.18.

29. januar 2018 kl. 10:16 - Jon Nedkvitne
Hordaland fylkeskommune gjev tilskot til lokale kulturbygg. Tilskotet er ein del av spelemidlane frå Norsk Tipping og vert fordelt frå Kulturdepartementet til fylkeskommunane. Tilskot til lokale kulturbygg skal vere med på å etablere felles lokale, bygningar og utearena som gjev rom for ulik kulturell verksemd med både eigenaktivitet og formidling av kunst og kultur i Hordaland. Ta kontakt med samfunns- og utviklingssjef Jon Nedkvitne, jone@kvam.kommune.no , 56 55 30 21.

Kulturtilskot frå Kvam herad 2018 -søknadsfrist 1.3.18

18. januar 2018 kl. 11:20 - Mary Ann Sørheim
Kulturtilskot frå Kvam herad 2018 -søknadsfrist 1.3.18 Frivillige lag og organisasjonar i Kvam kan søkja kulturtilskot for 2018. Søknadsfrist er 1. mars 2018.

Vegarbeid i Skårdalsvegen (Fv 131)

15. januar 2018 kl. 07:12 - Nils Eivind Stranden
Kjosås Maskin AS skal utføra arbeid med utbetring av FV131 i Øystese, Skårdalsvegen, i perioden 15.01.2018 – 01.05.2018. Vegen kan verta stengt i inntil 30 minutt ved sprenging.
  • Sprenging vert varsla med lydsignal og skal utførast fredagar.

Vegarbeid på Fv7 ved Laupsa

10. januar 2018 kl. 10:40 - Frank Tangen
Statens vegvesen melder at Fv7 vert periodevis stengt måndag-torsdag på grunn av vegarbeid ved Laupsa i Øystese i perioden 2. januar til 30. april 2018. Personbilar kan nytta Fv131 (om Porsmyr) i stengetida. Sjekk detaljar på vegvesen.no

Vegstenging - Netelandsbrua i Steinsdalen

25. desember 2017 kl. 08:13 - Nils Eivind Stranden
Kvam herad skal utbetra Netelandsbrua i den kommunale vegen i Steinsdalen. Eksisterande bru skal fjernast (sjå raudt kryss i kart) og det vert lagt nye element som grunnlag for ny bru. Fundament på kvar side skal også utbetrast/fornyast. Dette betyr at vegen vert stengt i ein periode framover. Det vil ikkje vera mogeleg med gjennomkøyring i denne perioden, men det vil fortsatt vera tilkomst frå kvar side frå Steine og frå Dalatun.
  • Det er planlagt at arbeidet vil pågå frå og med måndag 8. januar til fredag 20. april 2018. Sluttdatoen kan bli endra.

Kvam herad tilbyr AvtaleGiro og eFaktura

12. juni 2016 kl. 06:58 - Kristi Neteland
AvtaleGiro og eFaktura Du kan velja mellom eFaktura, Avtalegiro eller ein kombinasjon av begge. Avtalen kan du enkelt oppretta her ved hjelp av BankID. Eventuelt kan du oppretta avtalen i nettbanken, eller ved å ta kontakt med banken din. Dersom du ikkje har nettbank kan du inngå avtale om AvtaleGiro ved å fylla ut og senda inn vår svarkupong.


Legevakt 116117



FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no