Lenke til artikkelinnhald - KunngjeringLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | LAGSPORTALEN | KVAM | PLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
AKTUELT
kunngjering
- Godkjend reguler..
- Innsamling av ar..
- Tildeling av adr..
- Offentleg etters..
ledige stillingar
nyhende
lagsportalen
kalender
logg inn/ mi side

Du er her: Startside / aktuelt / kunngjering /

Godkjend reguleringsplan for gnr. 120, bnr. 37 strandebarm hotell

Utskriftsvenleg side Lagt ut 26. mai 2017 kl. 14:00 av Trond Inge Brakestad

Reguleringsplan for gnr. 120, bnr. 37 Strandebarm hotell vart vedteken av Kvam heradstyre 02.05.2017, HST-sak 023/17



Planområde


Planen er fremja i privat regi av Strandebarm view og utarbeidd av Geoplan AS.

Føremålet med planen er å legge til rette for ombygging av den eine fløyen på Strandebarm hotell. Bygget skal byggast om innvendig for å legge til rette for 8 fritidsleilegheiter, og utvendig skal det etablerast svalgang og utvida terrassar. Vidare skal det regulerast uteopphaldsareal samt ny avkøyring og parkering.

Grunneigarar, festarar, tilgrensande naboar m.fl. er varsla om godkjend reguleringsplan pr. brev.

Relevante dokument:
Saksutgreiing HST-023/17
Reguleringsplankart
Føresegner
Planomtale
ROS-analyse
Kartlegging av naturmiljø
Kartlegging av fare for skred, flaum og erosjon

Informasjon om tilgang til dokument:
Alle registrerte dokument på reguleringssaka er å finna her via saksnummer 16/517 og 14/1131

Via kommunen si kartløysing får du fram planområdet og planframlegget ved å søkja på plannummer 20140010


Klageadgang:
Heradsstyret sitt vedtak om godkjend reguleringsplan kan klagast på av den som er part eller har rettsleg klageinteresse, jf. Plan- og bygningslova §§ 12-12 og 1-9. Klagen bør vera kortfatta, presis og grunngjeven. Klage må leverast skriftleg til Kvam herad innan 16.06.2017

Krav om erstatning el. innløysing må fremjast til Kvam herad innan 3 år frå kunngjeringsdato, jf. plan- og bygningslova §§ 15-2 og 15-3.

Telefon: 56 55 30 00
E-post: postmottak@kvam.kommune.no



Godkjend reguleringsplan for gnr. 120, bnr. 37 strandebarm hotell

26. mai 2017 kl. 14:00 - Trond Inge Brakestad

Reguleringsplan for gnr. 120, bnr. 37 Strandebarm hotell vart vedteken av Kvam heradstyre 02.05.2017, HST-sak 023/17



Planområde

Innsamling av arkivmateriale frå lag og organisasjonar

29. mars 2017 kl. 13:14 - Mary Ann Sørheim
Har laget ditt gamle møtebøker, arkiv, protokollar, lagsblad, vedtekter, fotomateriale, lokalhistoriske filmar osv ? Kulturkontoret vil gjerne samla og arkivera dette materialet.

Tildeling av adresser på Kvamskogen

1. februar 2017 kl. 14:00 - Benjamin Danielsen
Kvam herad har vedteke vegadresser til dei fleste eigedomane på Kvamskogen. Klager er gjennomgått og endringar er utført.


Legevakt 116117



FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no