Lenke til artikkelinnhald - Kulturtilskot frå Kvam herad 2017 -søknadsfrist 1.3.17Lenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | LAGSPORTALEN | VAL | KVAM | PLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
AKTUELT
kunngjering
- Offentleg etters..
- Stortings- og sa..
- Treningstid i id..
- Innsamling av ar..
ledige stillingar
nyhende
lagsportalen
kalender
logg inn/ mi side

Du er her: Startside / aktuelt / kunngjering /

Kulturtilskot frå Kvam herad 2017 -søknadsfrist 1.3.17

Utskriftsvenleg side Lagt ut 23. februar 2018 kl. 13:56 av Mary Ann Sørheim
Kulturtilskot frå Kvam herad 2017 -søknadsfrist 1.3.17Frivillige lag og organisasjonar i Kvam kan søkja kulturtilskot for 2017. Søknadsfrist er 1. mars 2017.

INFORMASJON OM TILSKOTSORDNINGANE:
  1. Tilskota har eigne søknadsskjema.
  2. Søknadsskjema m/ rettleiing finn du lenger ned i denne artikkelen.
  3. Det vert stilt krav til oppdatering av lagsinformasjonen på www.lagsportalen.no
    Kontakt Frank Tangen 56553023 for brukarnamn, passord og rettleiing.
  4. Alle lag som søkjer/mottek kommunalt tilskot må ha organisasjonsnummer. Registrering (bruk forenkla skjema for foreiningar) i Einingsregisteret/Frivilligregisteret : Brønnøysundregistra
  5. Lagsportalen finn du informasjon om ulike kulturtilskot.


Nærare opplysningar om tilskota kan du få ved å kontakta kulturkontoret v/ Mary Ann Sørheim tlf 56556906, mars@kvam.kommune.no.



  1. DRIFTSTILSKOT TIL LAG OG ORGANISASJONAR.

    Kvam herad gjev driftstilskot til frivillige lag og organisasjonar som fell inn under det såkalla utvida kulturbegrepet. Laga må ha styre, levera årsmelding og revidert rekneskap for 2016, og ha eige kontonummer og organisasjonsnummer. Du finn skjema ved å klikka på illustrasjonen under.
    Klikk for å koma til søknadsmodulen


  2. TILSKOT TIL IDRETTSANLEGG, TURLØYPER/FRIOMRÅDE, KULTURHUS, LEIKEPLASSAR OG NÆRMILJØTILTAK

    Frivillige lag og organisasjonar kan søkja tilskot til opparbeiding/oppgradering av nærmiljøanlegg, leikeplassar, turløyper, idrettsanlegg og lokale kulturhus i Kvam herad.
    Søknaden må innehalda kostnads- og finansieringplan, samt beskriving av tiltaket. Du finn skjema ved å klikka på illustrasjonen under.

    Klikk for å koma til søknadsmodulen


  3. DRIFTSTILSKOT TIL LAGSEIGDE/DRIVNE IDRETTSANLEGG

    Tilskot til driftsutgifter ved anlegg som vert drivne av idrettlaga.

    Klikk for å koma til søknadsmodulen




Offentleg ettersyn – Framlegg til reguleringsplan for Laupsa, gnr. 51 bnr. 2 m. fl

4. juli 2017 kl. 08:43 - Leiv Ingmar Kaale

NPB-utvalet har vedteke at framlegg til reguleringsplan for Laupsa, gnr. 51 bnr. 2 m. fl i Kvam herad skal leggjast ut på nytt offentleg ettersyn, NPB-sak 011/17

Stortings- og sametingsvalet - tidlegrøysting frå 1. juli

26. juni 2017 kl. 07:36 - Frank Tangen
Veljarar som ikkje kan røysta ved ordinær førehandsrøysting (10. august – 8. september) eller på valtinget 11. september 2017, kan «tidlegrøysta» i perioden 1. juli - 9. august. Fellessekretariatet på rådhuset er ansvarleg for mottak av tidlegrøyster.
  • Tidlegrøysting til Stortings- og sametingsvalet 2017
  • Rådhuset (mån-fre kl. 10-14 etter avtale*)
  • 1. juli - 9. august
* Dersom du ønskjer å tidlegrøysta skal dette avtalast på førehand, på tlf. 56553000, ev. senda epost til postmottak@kvam.kommune.no eller møta opp på rådhuset for å gjera avtale. Du treng ikkje valkort, men hugs å ta med legitimasjon!

Treningstid i idrettshallane 17/18- søknadsfrist 04.08.2017

31. mai 2017 kl. 14:20 - Magreth Børve Olsen
Søknadsskjema om treningstid på kveldstid i hallane i Strandebarm, Norheimsund og Øystese finn ein i vårt digitale søknadssenter. Søknadsfrist er 04.08.2017

Innsamling av arkivmateriale frå lag og organisasjonar

29. mars 2017 kl. 13:14 - Mary Ann Sørheim
Har laget ditt gamle møtebøker, arkiv, protokollar, lagsblad, vedtekter, fotomateriale, lokalhistoriske filmar osv ? Kulturkontoret vil gjerne samla og arkivera dette materialet.


Legevakt 116117



FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no