Lenke til artikkelinnhald - Tildeling av adresser på KvamskogenLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | LAGSPORTALEN | KVAM | PLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
AKTUELT
kunngjering
- Kulturtilskot fr..
- Elsa og Svein Iv..
- Ung fritid - akt..
- Tildeling av adr..
- Offentleg etters..
ledige stillingar
nyhende
lagsportalen
kalender
logg inn/ mi side

Du er her: Startside / aktuelt / kunngjering /

Tildeling av adresser på Kvamskogen

Utskriftsvenleg side Lagt ut 1. februar 2017 kl. 14:00 av Benjamin Danielsen
Kvam herad har vedteke vegadresser til dei fleste eigedomane på Kvamskogen. Klager er gjennomgått og endringar er utført.

Vedtekne vegadresser


For å finna ei vegadresse kan du leita fram eigedomen i Kvam herad si kartløysing. Eventuelt kan du bruka andre kartsystem, som 1881.no

For å lesa vedtaket, sjå saksframlegg for adresseendring Kvamskogen (16/18327).
Eigedomar som ikkje har fått vegadresser vil få adresser etter kvart som nye vegnamn vert godkjent eller nye eigedomar vert oppretta.

Klage


Du kan klaga på:
  • Kva for ei gate, veg eller liknande ein bygning eller eigedom skal ha adresse til
  • Feil tildelt adressenummer eller brukseiningsnummer

Namnet på gata/vegen/området kan du ikkje klaga på. Klageinstans er fylkesmannen. Klage skal sendast via heradet, som evt. kan gje klagar medhald. Klagefristen er tre veker frå vedtaket vert kunngjort. Klagen skal grunngjevast og sendast til postmottak@kvam.kommune.no eller per post til heradet.

Plassering av skilt


Det er eigar sitt ansvar å setja opp adressenummerskilt. Det må brukast godkjente skilt, og dei må plasserast tydeleg. Me rår deg til å kjøpa frå leverandørar som leverer slike skilt.




Kulturtilskot frå Kvam herad 2017 -søknadsfrist 1.3.17

23. februar 2017 kl. 13:56 - Mary Ann Sørheim
Kulturtilskot frå Kvam herad 2017 -søknadsfrist 1.3.17 Frivillige lag og organisasjonar i Kvam kan søkja kulturtilskot for 2017. Søknadsfrist er 1. mars 2017.

Elsa og Svein Iversens legat

17. februar 2017 kl. 05:00 - Johnny Roy Knudsen
31. mars 1950 oppretta Anna og Amund Iversen eit legat til minne om foreldra deira. Kvart år skulle det delast ut kr. 400 til beste for sjuke og /eller gamle i Vikøy sokn. Det har ikkje vorte delt ut legatmidlar dei seinare år. Det offentleg har i dag teke over oppgåvene som legatet opphavleg var meint å dekkja. Derfor søkte styret i stiftinga (sokneprest, kommunelege og ordførar) Stiftelsestilsynet om å få endra statuttane for legatet og fekk det godkjent i 2014.

Ung fritid - aktivitetar i februar 2017

7. februar 2017 kl. 07:20 - Mary Ann Sørheim
Logo for ung fritid i Kvam Ung fritid er for deg mellom 10-16 år. Her er aktivitetskalendar for februar.

Offentleg ettersyn - Framlegg til reguleringsplan for Kvednaskogen

19. desember 2016 kl. 14:10 - Leiv Ingmar Kaale

NPB-utvalet har i møte den 22.11.2016 vedteke at framlegg til reguleringsplan Kvednaskogen i Kvam herad skal leggjast ut til offentleg ettersyn. NPB-sak 080/16



Legevakt 116117



FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no