Lenke til artikkelinnhald - Ledige stillingarLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | LAGSPORTALEN | VAL | KVAM | PLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
AKTUELT
kunngjering
ledige stillingar
- Sjukepleiar – 60..
- Kommunejordmor –..
- Barnevernkonsule..
- Ledige sjukeplei..
nyhende
lagsportalen
kalender
logg inn/ mi side

Du er her: Startside / aktuelt / ledige_stillingar /

Sjukepleiar – 60 % vikariat

Utskriftsvenleg side Lagt ut 15. november 2017 kl. 15:30 av Anne Vestrheim
Søknadssenter
Søkjer du nye utfordringar? Spennande sjukepleiarvikariat ved Kvam Rehabilitering og behandlingsavdeling vert ledig frå mars 2018

Sak. 17/1724

Ledig vikariat for sjukepleiar i 60 % stilling frå 01.03.2018 – 31.01.2019. Stillinga inneber for tida turnus med arbeid 3. kvar helg.

Kvam Rehabiliterings og behandlingsavdeling er ei kortidsavdeling med 16 sengeplassar inklusiv 1 ØH-seng og dagtilbod for dialyse x 3 pr.veke. Dette er ei korttidsavdeling med stor aktivitet. Du må trivast i ein hektisk kvardag med stadig nye pasientar og problemstillingar. Du må ha gode kommunikasjonsevner og kunna jobbe i team med kollega, fysioterapeutar, ergoterapeut og lege.
Me søkjer ein medarbeidar som er fleksibel, har engasjement og godt humør.

Me tilbyr:
Positivt arbeidsmiljø og varierte arbeidsoppgåver
Løn etter gjeldande sentral tariffavtale og lokalt lønssystem

Me søkjer deg med:
- norsk autorisasjon som sjukepleiar
- evne til å takla uforutsette situasjonar
- gode samarbeidsevner

Me ønskjer at medarbeidarar i Kvam herad skal:
• vera serviceinnstilt og imøtekomande
• ta ansvar og vera profesjonelle
• samarbeida med andre
• dela kompetanse og vera nytenkjande

Alle som yter tenester etter helse og omsorgstenestelova skal frå 1. januar 2017 levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor leggja fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggjast ved søknaden.

Spørsmål kan rettast til: Avdelingsleiar Ingegjerd Pedersen Lid, tlf. 56558606 - 97423286
E-post: inpl@kvam.kommune

Søknadsfrist: 3. desember 2017

Søk via vårt digitale søknadssenter.

Hugs å føra opp utdanning og praksis, også om du har opplyst om dette i tidlegare søknadar
til kommunen. Søknadspapir, kopiar av vitnemål og attestar osv. vert ikkje returnert.



Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad er ein inkluderande arbeidslivsbedrift (IA) og ønskjer å leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta.

Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.




Lenke: http://felles
Søknadssenter


Kommunejordmor – 1 års vikariat

Lagt ut 15. november 2017 kl. 15:20 av Anne Vestrheim
Kvam helsestasjon- og skulehelseteneste er organisert i Kvam familie- og læringssenter under Oppveksteininga. Me har ansvar for helsestasjon- og skulehelseteneste inkludert jordmorteneste. Det er helsestasjonar i Ålvik, Øystese, Norheimsund og Strandebarm. Jordmorkontoret er sentralt plassert i heradet ved Norheimsund helsestasjon. I samband med skulehelsetenesta er me fordelt på 6 barneskular, to ungdomskular og tre vidaregåande skular, og me har ansvar for helsestasjon for flyktningar, ungdom og reisevaksine.

Barnevernkonsulent/sakshandsamar – 1 års vikariat

Lagt ut 15. november 2017 kl. 15:00 av Anne Vestrheim
Spennande jobbtilbod med barn/unge og familiar i Hardanger:

Ledige sjukepleiarstillingar i Nattevaktsteamet

Lagt ut 14. november 2017 kl. 14:50 av Anne Vestrheim
Me søkjer sjukepleiararar til Nattevaktsteamet i Øystese

Sjukepleiar – 60 % vikariat

15. november 2017 kl. 15:30 - Anne Vestrheim
Søkjer du nye utfordringar? Spennande sjukepleiarvikariat ved Kvam Rehabilitering og behandlingsavdeling vert ledig frå mars 2018

Kommunejordmor – 1 års vikariat

15. november 2017 kl. 15:20 - Anne Vestrheim
Kvam helsestasjon- og skulehelseteneste er organisert i Kvam familie- og læringssenter under Oppveksteininga. Me har ansvar for helsestasjon- og skulehelseteneste inkludert jordmorteneste. Det er helsestasjonar i Ålvik, Øystese, Norheimsund og Strandebarm. Jordmorkontoret er sentralt plassert i heradet ved Norheimsund helsestasjon. I samband med skulehelsetenesta er me fordelt på 6 barneskular, to ungdomskular og tre vidaregåande skular, og me har ansvar for helsestasjon for flyktningar, ungdom og reisevaksine.

Barnevernkonsulent/sakshandsamar – 1 års vikariat

15. november 2017 kl. 15:00 - Anne Vestrheim
Spennande jobbtilbod med barn/unge og familiar i Hardanger:


Legevakt 116117


SØKNADSSKJEMA Søknadsskjema


FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no