Lenke til artikkelinnhald - Læreplassar i Kvam heradLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | LAGSPORTALEN | VAL | KVAM | PLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
AKTUELT
kunngjering
ledige stillingar
- Sjukepleiar – 60..
- Kommunejordmor –..
- Barnevernkonsule..
- Ledige sjukeplei..
nyhende
lagsportalen
kalender
logg inn/ mi side

Du er her: Startside / aktuelt / ledige_stillingar /

Læreplassar i Kvam herad


OBS! Denne artikkelen er henta frå arkivet og er gått ut på dato. Innhaldet kan difor vera utdatert.


Utskriftsvenleg side Lagt ut 30. januar 2017 kl. 11:30 av Anne Vestrheim
Søknadssenter
Kvam herad har ledige læreplasser frå hausten 2017 innan:

Helsearbeidarfaget - sak.17/192
Barne- ungdomsarbeidarfaget - sak.17/193

Kvam herad tilbyr:

• god fagopplæring i positive arbeidsmiljø
• dyktige instruktørar som rettleiarar
• arbeidsvilkår i samsvar med vanlege kommunale vilkår

Du må ha:
• gjennomført VG1 og VG2
• personleg interesse for det arbeidsfeltet du søkjer og ha personlege eigenskapar som gjer deg eigna

Medarbeidarar i Kvam herad må vera serviceinnstilte og imøtekomande, kunne samarbeide godt med andre, ta ansvar, vera profesjonelle og opne for nytenking.

Kvam herad samarbeider med Handalag Opplæringskontor i yrkesopplæringa. Generelle spørsmål kring lærlingeordninga kan rettast til: Svanhild Birkenes, tlf. 99103580 ved Handalag Opplæringskontor.

Kontaktpersonar:
Helsearbeidar: leiar pleie og omsorg Elfrid Oma – 56558602 / 906 81 038
Barne- og ungdomsarbeidar: oppvekstsjef Astrid-Anett Steine - 56553150 / 994 28 606

Alle som yter tenester etter helse og omsorgstenestelova skal frå 1. januar 2017 levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor leggja fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggjast ved søknaden.

Søknadsfrist: 5. mars 2017

Søk via vårt digitale søknadssenter.

Hugs å føra opp utdanning og praksis, også om du har opplyst om dette i tidlegare søknadar til kommunen. Søknadspapir, kopiar av vitnemål og attestar osv. vert ikkje returnert.



Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad er ein inkluderande arbeidslivsbedrift (IA) og ønskjer å leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta.

Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.





Søknadssenter


Sjukepleiar – 60 % vikariat

15. november 2017 kl. 15:30 - Anne Vestrheim
Søkjer du nye utfordringar? Spennande sjukepleiarvikariat ved Kvam Rehabilitering og behandlingsavdeling vert ledig frå mars 2018

Kommunejordmor – 1 års vikariat

15. november 2017 kl. 15:20 - Anne Vestrheim
Kvam helsestasjon- og skulehelseteneste er organisert i Kvam familie- og læringssenter under Oppveksteininga. Me har ansvar for helsestasjon- og skulehelseteneste inkludert jordmorteneste. Det er helsestasjonar i Ålvik, Øystese, Norheimsund og Strandebarm. Jordmorkontoret er sentralt plassert i heradet ved Norheimsund helsestasjon. I samband med skulehelsetenesta er me fordelt på 6 barneskular, to ungdomskular og tre vidaregåande skular, og me har ansvar for helsestasjon for flyktningar, ungdom og reisevaksine.

Barnevernkonsulent/sakshandsamar – 1 års vikariat

15. november 2017 kl. 15:00 - Anne Vestrheim
Spennande jobbtilbod med barn/unge og familiar i Hardanger:

Ledige sjukepleiarstillingar i Nattevaktsteamet

14. november 2017 kl. 14:50 - Anne Vestrheim
Me søkjer sjukepleiararar til Nattevaktsteamet i Øystese


Legevakt 116117


SØKNADSSKJEMA Søknadsskjema


FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no