Lenke til artikkelinnhald - Miljøarbeidar – 80 % fast stillingLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | LAGSPORTALEN | VAL | KVAM | PLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
AKTUELT
kunngjering
ledige stillingar
- Kyrkjegardsarbei..
nyhende
lagsportalen
kalender
logg inn/ mi side

Du er her: Startside / aktuelt / ledige_stillingar /

Miljøarbeidar – 80 % fast stilling


OBS! Denne artikkelen er henta frå arkivet og er gått ut på dato. Innhaldet kan difor vera utdatert.


Utskriftsvenleg side Lagt ut 30. januar 2017 kl. 11:40 av Anne Vestrheim
Søknadssenter
Me søkjer miljøarbeidar til ledig stilling i bufellesskap i Øystese.

Sak. 17/195

80% ledig stilling som miljøarbeidar frå 1. mars 2017. Fast stilling som for tida har base i bufellesskap for menneske med utviklingshemming/gr.7 Øystese i Pleie og omsorg .
Arbeid i turnus med hovudvekt av seinvakter. 13- timars vakter på helg. Varierte arbeidsoppgåver som t.d målretta miljøarbeid, hjelp til personleg stell og aktivisering, matlaging/ reinhald.

Kvalifikasjonar:
Me ønskjer deg som har fagbrev som barne og ungdomsarbeidar/helsefagarbeidar. Dersom det ikkje kjem inn kvalifiserte søkjarar kan andre med anna relevant erfaring og utdanning søkja.

I Kvam herad legg me vekt på at tilsette er:
• Serviceinnstilt og imøtekomande
• Tek ansvar og er profesjonelle
• Samarbeider med andre
• Deler kompetanse og er nytenkjande

Me kan tilby:
Variert arbeid i eit godt arbeidsmiljø
Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
Gode pensjons-/og forsikringsordningar

Alle som yter tenester etter helse og omsorgstenestelova skal frå 1. januar 2017 levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor leggja fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggjast ved søknaden.

Kontaktperson: gruppeleiar Kjersti Soldal - 56555070/948 86 215

Søknadsfrist: 19. februar 2017

Søk via vårt digitale søknadssenter.

Hugs å føra opp utdanning og praksis, også om du har opplyst om dette i tidlegare søknadar til kommunen. Søknadspapir, kopiar av vitnemål og attestar osv. vert ikkje returnert.



Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad er ein inkluderande arbeidslivsbedrift (IA) og ønskjer å leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta.

Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.




Søknadssenter


Kyrkjegardsarbeidar i 100% stilling

18. september 2017 kl. 09:41 - Olav Skeie Lid
logo
Vår gode kyrkjegardsarbeidar sluttar hjå oss, og me søkjer hans etterfylgjar. Me har difor ledig stilling som kyrkjegardsarbeidar i 100% stilling med tilsetjing snarast.
  • Søknadsfrist: 6. oktober 2017.



Legevakt 116117


SØKNADSSKJEMA Søknadsskjema


FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no