Lenke til artikkelinnhald - Sjukepleiar – 54 % fast nattevaktstillingLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | LAGSPORTALEN | KVAM | PLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
AKTUELT
kunngjering
ledige stillingar
nyhende
lagsportalen
kalender
logg inn/ mi side

Du er her: Startside / aktuelt / ledige_stillingar /

Sjukepleiar – 54 % fast nattevaktstilling

Utskriftsvenleg side Lagt ut 2. februar 2017 kl. 08:25 av Anne Vestrheim
Søknadssenter
Nattevaktsteamet i Øystese søkjer sjukepleiar til fast stilling.

Sak. 17/210

54 % ledig stilling som sjukepleiar frå 1. mars 2017. Fast stilling som for tida har base i Nattevaktsteamet i Øystese, Pleie og omsorg. Stilling er for tida knytt til turnus med arbeid kvar 3. helg.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Norsk autorisasjon som sjukepleiar
Interesse for og/eller erfaring med demensomsorg, menneske med psykisk utviklingshemming eller rus/psykiatri.
Må kunne arbeida sjølvstendig
Førarkort for bil er naudsynt

I Kvam herad legg me vekt på at tilsette er:
• Serviceinnstilt og imøtekomande
• Tek ansvar og er profesjonelle
• Samarbeider med andre
• Deler kompetanse og er nytenkjande

Me kan tilby:
Variert arbeid i eit godt arbeidsmiljø
Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
Gode pensjons-/og forsikringsordningar

Alle som yter tenester etter helse og omsorgstenestelova skal frå 1. januar 2017 levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor leggja fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggjast ved søknaden.

Kontaktperson: gruppeleiar Margunn Lofthus - 56558505/974 84 612

Søknadsfrist: 19. februar 2017

Søk via vårt digitale søknadssenter.

Hugs å føra opp utdanning og praksis, også om du har opplyst om dette i tidlegare søknadar til kommunen. Søknadspapir, kopiar av vitnemål og attestar osv. vert ikkje returnert.



Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad er ein inkluderande arbeidslivsbedrift (IA) og ønskjer å leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta.

Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.



Søknadssenter




Legevakt 116117


SØKNADSSKJEMA Søknadsskjema


FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no