Lenke til artikkelinnhald - Sommarjobb ved Kvam rehabilitering og behandlingsavdelingLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | LAGSPORTALEN | KVAM | PLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
AKTUELT
kunngjering
ledige stillingar
- Vil du bli vår n..
- Sommarjobb som s..
- Sommarjobb i Fer..
- Sommarjobb i Par..
- Sommarjobb i Ple..
- Sommarjobb ved K..
- Læreplassar i Kv..
nyhende
lagsportalen
kalender
logg inn/ mi side

Du er her: Startside / aktuelt / ledige_stillingar /

Sommarjobb ved Kvam rehabilitering og behandlingsavdeling

Utskriftsvenleg side Lagt ut 9. februar 2017 kl. 11:10 av Anne Vestrheim
Søknadssenter
Vil du vera ferievikar hjå oss?

Sak. 17/247

Me søkjer ferievikarar frå 19. juni – 13. august 2016 (veke 25 t.o.m veke 32) ved Kvam rehabilitering og behandlingsavdeling/lokalmedisinsk senter. Me held til på Toloheimen i Norheimsund og er ei kortidsavdeling med 15 sengeplassar + 1 ØH-seng. Me arbeider med rehabilitering, behandling, utredning, palliasjon og dialyse.

Du vil få ein meiningsfull sommarjobb med mange interessante oppgåver og godt tverrfagleg samarbeid med trivelege kollegaer. Ferievikarane våre får felles informasjon før tiltreding og individuell opplæring på arbeidsstaden.

Me treng ferievikarar som:
Sjukepleiar/sjukepleiarstudent
Helsefagarbeidar
Pleiemedarbeidar

Dersom du søkjer sommarjobb fleire stader, ber me om at du skriv opp ønskje om arbeidsstad i prioritert rekkefølgje. Du må også skrive opp tidsrommet du kan arbeide og kva stillingsstorleik du ønskjer.
Kvam herad prioriterer dei som ønskjer å jobbe over ein lengre periode.
Du må vere over 18 år.
Me ønskjer oss søkjarar med godt humør, som er fleksible og samarbeidsvillige.

For alle stillingane gjeld vanlege kommunale tilsetjingsvilkår.

Alle som yter tenester etter helse og omsorgslova skal frå 1. januar 2017 levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor leggja fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggjast ved søknaden.

Meir informasjon får du ved å ta kontakt med:
Avdelingsleiar Kristina A. Borge - 56558606 / 974 23 286
E-post: kriaar@kvam.kommune.no

Søknadsfrist: 19. mars 2017

Søknaden skal sendast via vårt digitale søknadssenter.

Hugs å føra opp utdanning og praksis, også om du har opplyst om dette i tidlegare søknadar til kommunen. Søknadspapir, kopiar av vitnemål og attestar osv. vert ikkje returnert.


Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad er ein inkluderande arbeidslivsbedrift (IA) og ønskjer å leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta.

Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.





Søknadssenter


Vil du bli vår nye driftsoperatør?

24. februar 2017 kl. 00:00 - Anne Vestrheim
VA avdelinga i Kvam herad har 7 tilsette (5 driftsoperatørar, driftsleiar VA og VA-ingeniør) og har ansvaret for drift og vedlikehald av VA anlegga i heradet, samt prosjektering og byggeleiing. Då ein av våre driftsoperatørar pensjonerer seg treng me ein erstattar.

Sommarjobb som sjukepleiar

10. februar 2017 kl. 09:25 - Anne Vestrheim
Er du sjukepleiar og kan tenkja deg å jobba i heimetenesta, i institusjon eller på ei rehabilitering og behandlingsavdeling?

Sommarjobb i Ferieklubben

9. februar 2017 kl. 12:02 - Anne Vestrheim
Har du lyst på ein aktiv sommarjobb saman med barn?

Sommarjobb i Parkvesenet

9. februar 2017 kl. 11:58 - Anne Vestrheim
Likar du fysisk arbeid ute i frisk luft?

Sommarjobb i Pleie og omsorg

9. februar 2017 kl. 11:15 - Anne Vestrheim
Vil du vera ferievikar? Og kan tenkja deg å jobba i heimetenesta, i institusjon, i bustad for menneske med utviklingshemming eller på dagsenter ?

Læreplassar i Kvam herad

30. januar 2017 kl. 11:30 - Anne Vestrheim
Kvam herad har ledige læreplasser frå hausten 2017 innan:


Legevakt 116117


SØKNADSSKJEMA Søknadsskjema


FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no