Lenke til artikkelinnhald - Sommarjobb i Ferieklubben Lenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | LAGSPORTALEN | KVAM | PLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
AKTUELT
kunngjering
ledige stillingar
- Vil du bli vår n..
- Sommarjobb som s..
- Sommarjobb i Fer..
- Sommarjobb i Par..
- Sommarjobb i Ple..
- Sommarjobb ved K..
- Læreplassar i Kv..
nyhende
lagsportalen
kalender
logg inn/ mi side

Du er her: Startside / aktuelt / ledige_stillingar /

Sommarjobb i Ferieklubben

Utskriftsvenleg side Lagt ut 9. februar 2017 kl. 12:02 av Anne Vestrheim
Søknadssenter
Har du lyst på ein aktiv sommarjobb saman med barn?


Sak. 17/248

Me søkjer etter ein leiar og 3 assistentar til Ferieklubben sommaren 2017. Kulturkontoret skipar til ferieklubb for barn i vekene 26, 27 og 32. Klubben har base i Norheimsund og er
open for barn i alderen 6 – 10 år.

Hovudoppgåver:
Leiaren har hovudansvar for å leggje til rette og planleggje aktivitetar knytt til klubben med
fokus på opplevingar i nærmiljøet. Både leiar og assistentar har ansvar for gjennomføring av
aktivitetane saman med borna.

Kvalifikasjonar:
•Det er ynskjeleg at den som søkjer på stillinga som leiar har utdanning på høgskulenivå
•Dersom det ikkje kjem inn søkjarar med høgskuleutdanning til leiarstillinga, kan det verta
aktuelt å tilsetja fagarbeidar med relevant erfaring
•Me ynskjer at søkjarane har erfaring frå arbeid med born. Dei som vert tilsett i stillingane
må legge fram politiattest ved tilsetjing (skal ikkje vere med i søknaden)
•Søkjarar må vera fylt 18 år og bør ha førarkort kl. B
•Du må like å vera saman med born og kunne takla ulike utfordringar

Vil du vita meir om sommarjobben, ta kontakt med:
Kulturkontoret v/ Mary Ann Sørheim tlf 56 55 69 06 / 954 07 710

Ferievikarar i Kvam herad vert løna etter sentral tariffavtale.

Søknadsfrist: 19. mars 2017

Søk via vårt digitale søknadssenter.

Hugs å føra opp utdanning og praksis, også om du har opplyst om dette i tidlegare søknadar til kommunen. Søknadspapir, kopiar av vitnemål og attestar osv. vert ikkje returnert.



Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad er ein inkluderande arbeidslivsbedrift (IA) og ønskjer å leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta.

Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.





Søknadssenter


Vil du bli vår nye driftsoperatør?

24. februar 2017 kl. 00:00 - Anne Vestrheim
VA avdelinga i Kvam herad har 7 tilsette (5 driftsoperatørar, driftsleiar VA og VA-ingeniør) og har ansvaret for drift og vedlikehald av VA anlegga i heradet, samt prosjektering og byggeleiing. Då ein av våre driftsoperatørar pensjonerer seg treng me ein erstattar.

Sommarjobb som sjukepleiar

10. februar 2017 kl. 09:25 - Anne Vestrheim
Er du sjukepleiar og kan tenkja deg å jobba i heimetenesta, i institusjon eller på ei rehabilitering og behandlingsavdeling?

Sommarjobb i Parkvesenet

9. februar 2017 kl. 11:58 - Anne Vestrheim
Likar du fysisk arbeid ute i frisk luft?

Sommarjobb i Pleie og omsorg

9. februar 2017 kl. 11:15 - Anne Vestrheim
Vil du vera ferievikar? Og kan tenkja deg å jobba i heimetenesta, i institusjon, i bustad for menneske med utviklingshemming eller på dagsenter ?

Sommarjobb ved Kvam rehabilitering og behandlingsavdeling

9. februar 2017 kl. 11:10 - Anne Vestrheim
Vil du vera ferievikar hjå oss?

Læreplassar i Kvam herad

30. januar 2017 kl. 11:30 - Anne Vestrheim
Kvam herad har ledige læreplasser frå hausten 2017 innan:


Legevakt 116117


SØKNADSSKJEMA Søknadsskjema


FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no