Lenke til artikkelinnhald - Sommarjobb som sjukepleiarLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | LAGSPORTALEN | VAL | KVAM | PLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
AKTUELT
kunngjering
ledige stillingar
- Sjukepleiar – 60..
- Kommunejordmor –..
- Barnevernkonsule..
- Ledige sjukeplei..
nyhende
lagsportalen
kalender
logg inn/ mi side

Du er her: Startside / aktuelt / ledige_stillingar /

Sommarjobb som sjukepleiar


OBS! Denne artikkelen er henta frå arkivet og er gått ut på dato. Innhaldet kan difor vera utdatert.


Utskriftsvenleg side Lagt ut 2. mars 2017 kl. 15:12 av Anne Vestrheim
Søknadssenter
Er du sjukepleiar og kan tenkja deg å jobba i heimetenesta, i institusjon eller på ei rehabilitering og behandlingsavdeling?

Sak.17/259

Me treng vikarar som kan overta når våre faste sjukepleiarar skal ha ferie, i perioden frå 19. juni – 13. august 2016, veke 25 t.o.m veke 32.

Me tilbyr:

Bonus på kr. 10.000,-
dersom du bind deg til å jobba i 100% stilling i 5 veker (i perioden veke 25 – veke 32) eller
Bonus på kr. 15.000,- dersom du bind deg til å jobba i 100% stilling i 6 veker (i perioden veke 25 – veke 32)

Du må vera sjukepleiar med norsk autorisasjon og kunna norsk flytande, munnleg og skriftleg.

Alle som yter tenester etter helse og omsorgstenestelova skal frå 1. januar 2017 levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor leggja fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggjast ved søknaden.

Kom og bli med oss i eit godt kollegafellesskap!

Interessert?

Kontakt leiar for pleie og omsorg Elfrid Oma elom@kvam.kommune.no
mob: 90681038

eller ta kontakt med leiar for arbeidsstadane:

Strandebarm - 56 55 31 10 / 918 17 408
Norheimsund - 56 55 86 00 / 906 81 038
Øystese - 56 55 85 00 / 906 81 038
Ålvik - 56 55 34 50 / 482 905 64
Kvam rehabilitering og behandlingsavdeling - 56558606 / 974 23 286

Me kan hjelpa til med å finna hybel for perioden.

Søknadsfrist: 19. mars 2017

Me håpar at akkurat DU har lyst å koma til Kvam!


Søk via vårt digitale søknadssenter, velg saksnr.17/259
Hugs å føra opp utdanning og praksis, også om du har opplyst om dette i tidlegare søknadar til kommunen. Søknadspapir, kopiar av vitnemål og attestar osv. vert ikkje returnert.


Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad er ein inkluderande arbeidslivsbedrift (IA) og ønskjer å leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta.

Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.





Lenke: http://felles
Søknadssenter


Sjukepleiar – 60 % vikariat

15. november 2017 kl. 15:30 - Anne Vestrheim
Søkjer du nye utfordringar? Spennande sjukepleiarvikariat ved Kvam Rehabilitering og behandlingsavdeling vert ledig frå mars 2018

Kommunejordmor – 1 års vikariat

15. november 2017 kl. 15:20 - Anne Vestrheim
Kvam helsestasjon- og skulehelseteneste er organisert i Kvam familie- og læringssenter under Oppveksteininga. Me har ansvar for helsestasjon- og skulehelseteneste inkludert jordmorteneste. Det er helsestasjonar i Ålvik, Øystese, Norheimsund og Strandebarm. Jordmorkontoret er sentralt plassert i heradet ved Norheimsund helsestasjon. I samband med skulehelsetenesta er me fordelt på 6 barneskular, to ungdomskular og tre vidaregåande skular, og me har ansvar for helsestasjon for flyktningar, ungdom og reisevaksine.

Barnevernkonsulent/sakshandsamar – 1 års vikariat

15. november 2017 kl. 15:00 - Anne Vestrheim
Spennande jobbtilbod med barn/unge og familiar i Hardanger:

Ledige sjukepleiarstillingar i Nattevaktsteamet

14. november 2017 kl. 14:50 - Anne Vestrheim
Me søkjer sjukepleiararar til Nattevaktsteamet i Øystese


Legevakt 116117


SØKNADSSKJEMA Søknadsskjema


FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no