Lenke til artikkelinnhald - Vil du bli vår nye driftsleiar for veg og anlegg?Lenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | LAGSPORTALEN | VAL | KVAM | PLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
AKTUELT
kunngjering
ledige stillingar
- Sjukepleiar – 60..
- Kommunejordmor –..
- Barnevernkonsule..
- Ledige sjukeplei..
nyhende
lagsportalen
kalender
logg inn/ mi side

Du er her: Startside / aktuelt / ledige_stillingar /

Vil du bli vår nye driftsleiar for veg og anlegg?


OBS! Denne artikkelen er henta frå arkivet og er gått ut på dato. Innhaldet kan difor vera utdatert.


Utskriftsvenleg side Lagt ut 10. mai 2017 kl. 14:53 av Anne Vestrheim
Søknadssenter
Avdelinga innan veg og anlegg i Kvam herad har 6 tilsette (5 operatørar og 1 driftsleiar). Denne har ansvaret for drift og vedlikehald av ca. 110 km kommunal veg, samt noko prosjektering og byggeleiing. Då vår dyktige driftsleiar no går over til nye oppgåver, søkjer me etter ein erstattar.

Sak. 17/583
100 % stilling som driftsleiar ledig frå august 2017.

Hovudarbeidsoppgåvene vil vera knytt til drift og vedlikehald av kommunale vegar, blant anna:
• Ansvar for oppsyn og drift av kommunale vegar og anlegg
• Planlegging/utbetring av eksisterande vegar, og eventuelt nye anlegg
• Registrering og oppdatering av veginfo på datasystem
• Delta i vaktordning bl.a. knytt til vintervedlikehald og beredskap
• Ansvar for personell, materiell og budsjett

Kvalifikasjonar:
• Erfaring med liknande arbeidsoppgåver
• Fagbrev evt. ingeniørutdanning innan veg-/anlegg- eller maskintekniske fag
• Gode datakunnskapar
• Maskinførarbevis / 40 t.kurs (evt vere villig til å ta dette)

Personlege eigenskapar:
• Gje tydeleg retning og ha interesse for fagfeltet
• Konstruktiv og vera initiativtakar
• Bruke tid på leiing
• Ha resultatfokus – effektiv, pliktoppfyllande og lojal
• Endringsvilje, serviceinnstilt og samarbeidsvillig på tvers av fag

Me kan tilby:
• Varierte, spanande og utfordrande oppgåver på ein triveleg arbeidsplass
• Mykje kontakt med kundar og publikum
• Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande regulativ og lokalt lønnssystem

NB: Ved internt opprykk kan det bli ledig stilling som driftsoperatør på veg/mekanikar

Nærare opplysningar om stillinga kan rettast til:
Leif Skår - driftsleiar veg og anlegg, tlf. 91 10 56 16
Nils Eivind Stranden - leiar kommunalteknikk, tlf. 56 55 31 87 /959 42 881

Søknadsfrist: 21. mai 2017

Søk via vårt digitale søknadssenter.

Hugs å føra opp utdanning og praksis, også om du har opplyst om dette i tidlegare søknadar til kommunen. Søknadspapir, kopiar av vitnemål og attestar osv. vert ikkje returnert.



Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad er ein inkluderande arbeidslivsbedrift (IA) og ønskjer å leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta.

Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.





Lenke: http://felles
Søknadssenter


Sjukepleiar – 60 % vikariat

15. november 2017 kl. 15:30 - Anne Vestrheim
Søkjer du nye utfordringar? Spennande sjukepleiarvikariat ved Kvam Rehabilitering og behandlingsavdeling vert ledig frå mars 2018

Kommunejordmor – 1 års vikariat

15. november 2017 kl. 15:20 - Anne Vestrheim
Kvam helsestasjon- og skulehelseteneste er organisert i Kvam familie- og læringssenter under Oppveksteininga. Me har ansvar for helsestasjon- og skulehelseteneste inkludert jordmorteneste. Det er helsestasjonar i Ålvik, Øystese, Norheimsund og Strandebarm. Jordmorkontoret er sentralt plassert i heradet ved Norheimsund helsestasjon. I samband med skulehelsetenesta er me fordelt på 6 barneskular, to ungdomskular og tre vidaregåande skular, og me har ansvar for helsestasjon for flyktningar, ungdom og reisevaksine.

Barnevernkonsulent/sakshandsamar – 1 års vikariat

15. november 2017 kl. 15:00 - Anne Vestrheim
Spennande jobbtilbod med barn/unge og familiar i Hardanger:

Ledige sjukepleiarstillingar i Nattevaktsteamet

14. november 2017 kl. 14:50 - Anne Vestrheim
Me søkjer sjukepleiararar til Nattevaktsteamet i Øystese


Legevakt 116117


SØKNADSSKJEMA Søknadsskjema


FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no