Lenke til artikkelinnhald - Helsesøster - 100 % vikariatLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | LAGSPORTALEN | VAL | KVAM | PLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
AKTUELT
kunngjering
ledige stillingar
- Kyrkjegardsarbei..
nyhende
lagsportalen
kalender
logg inn/ mi side

Du er her: Startside / aktuelt / ledige_stillingar /

Helsesøster - 100 % vikariat


OBS! Denne artikkelen er henta frå arkivet og er gått ut på dato. Innhaldet kan difor vera utdatert.


Utskriftsvenleg side Lagt ut 2. mai 2017 kl. 10:00 av Anne Vestrheim
Søknadssenter
Helsestasjonar og skulehelseteneste i Kvam er organisert i Kvam familie- og læringssenter under Oppveksteininga. Me har helsestasjonar i Ålvik, Øystese, Norheimsund og Strandebarm. Me har ansvar for skulehelsetenesta på 6 barneskular, to ungdomskular og tre vidaregåande skular, samt helsestasjon for flyktningar, ungdom og reisevaksine.

Me søkjer helsesøster til ledig vikariat:


Sak. 17/628
100 % vikariat som helsesøster ledig i eitt år, frå august 2017. Stillinga er for tida knytt til arbeid i helsestasjon og skulehelsetenesta i Kvam Herad.

I avdelinga vår er det for tida tilsett 6 helsesøstre og ei jordmor.
Helsestasjonane har eit godt fagleg samarbeid med øvrige instansar som arbeider med foreldre, born og unge.
Me kan freista med eit godt arbeidsmiljø og engasjerte kollegaer.

Me søkjer etter ein person som:
• har norsk godkjenning som helsesøster
• må kunne disponere bil
• har røynsle, interesse og kompetanse frå arbeid som helsesøster
• engasjement, pågangsmot og godt humør
• må kunne arbeide sjølvstendig, være fleksibel og samarbeide godt

Me ønskjer at tilsette er:
• serviceinnstilt og imøtekomande
• tek ansvar og er profesjonelle
• samarbeider med andre
• deler kompetanse og er nytenkjande

Den som vert tilsett, må leggja fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggjast ved søknaden.

Me kan tilby:
Løn etter gjeldande tariffavtalar og lokalt lønssystem
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Tilsetjing på vanlege vilkår for kommunale arbeidstakarar

Kontaktperson:
Leiande helsesøster Torill Høyland , tlf 917 11 245
epost: toho@kvam.kommune.no

Søknadsfrist: 9. juli 2017

Søk via vårt digitale søknadssenter

Hugs å føra opp utdanning og praksis, også om du har opplyst om dette i tidlegare søknadar til kommunen. Søknadspapir, kopiar av vitnemål og attestar osv. vert ikkje returnert.



Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad er ein inkluderande arbeidslivsbedrift (IA) og ønskjer å leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta.

Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.





Lenke: http://felles
Søknadssenter


Kyrkjegardsarbeidar i 100% stilling

18. september 2017 kl. 09:41 - Olav Skeie Lid
logo
Vår gode kyrkjegardsarbeidar sluttar hjå oss, og me søkjer hans etterfylgjar. Me har difor ledig stilling som kyrkjegardsarbeidar i 100% stilling med tilsetjing snarast.
  • Søknadsfrist: 6. oktober 2017.



Legevakt 116117


SØKNADSSKJEMA Søknadsskjema


FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no