Lenke til artikkelinnhald - Sjukepleiar - 90 % stillingLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | LAGSPORTALEN | KVAM | PLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
AKTUELT
kunngjering
ledige stillingar
- Rektor - Kvam un..
- Einingsleiar for..
- Sjukepleiar – 80..
- Sjukepleiar – 54..
- Helsefagarbeidar..
- Fysioterapeut - ..
- Helsesøster - 10..
nyhende
lagsportalen
kalender
logg inn/ mi side

Du er her: Startside / aktuelt / ledige_stillingar /

Sjukepleiar - 90 % stilling

Utskriftsvenleg side Lagt ut 4. mai 2017 kl. 08:42 av Anne Vestrheim
Søknadssenter
Me søkjer sjukepleiar til ledig fast stilling i Pleie og omsorg - sone Strandebarm.

Sak.17/617

90 % sjukepleiarstilling ledig frå 1. september 2017, for tida med base i sone Strandebarm. Stillinga er for tida knytt til turnus med arbeid kvar 3. helg med bakvakter og moglege utrykningar på natt i turnus. Arbeid i institusjon og heimebasert omsorg som krev fleksibilitet og sjølvstende i arbeidet.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Norsk autorisasjon som sjukepleiar
Du må beherske norsk skriftleg og munnleg
Du må kunne arbeida sjølvstendig og vera fleksibel
Førarkort for personbil

I Kvam herad legg me vekt på at tilsette er:
• serviceinnstilt og imøtekomande
• tek ansvar og er profesjonelle
• samarbeider med andre
• deler kompetanse og er nytenkjande

Alle som yter tenester etter helse og omsorgstenestelova skal frå 1. januar 2017 levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor leggja fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggjast ved søknaden.

Kontaktpersonar: gruppeleiar Elisabeth Svåsand/Liv Berit Bru Eide - 56553110 – 918 17 408
E-post: elisva@kvam.kommune.no eller liei@kvam.kommune.no

Me tilbyr:
Ei utfordrande stilling med variert arbeid
Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
Gode pensjons-/og forsikringsordningar

Søknadsfrist: 21. mai 2017

Søknaden skal sendast via vårt digitale søknadssenter.

Hugs å føra opp utdanning og praksis, også om du har opplyst om dette i tidlegare søknadar til kommunen. Søknadspapir, kopiar av vitnemål og attestar osv. vert ikkje returnert.





Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad er ein inkluderande arbeidslivsbedrift (IA) og ønskjer å leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta.

Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.





Lenke: http://felles
Søknadssenter


Rektor - Kvam ungdomsskule

11. mai 2017 kl. 12:00 - Anne Vestrheim
Kvam har to fådelte barneskular, ein kombinert skule, to større barneskular og ein ungdomsskule. Kvam ungdomsskule har 249 elevar. Skulen har nye, moderne, trivelege og tenlege læringslokale. Skulen ligg sentrumsnært, nær vidaregåande skule i Øystese, og har eit unikt uteområde med fjord, fjøre, skog, fjell og idrettsbane lett tilgjengeleg.

Einingsleiar for plan og byggesak

11. mai 2017 kl. 11:45 - Anne Vestrheim
Kvam herad har ledig ei spanande stilling for deg som søkjer leiarutfordringar.

Sjukepleiar – 80% vikariat

11. mai 2017 kl. 11:25 - Anne Vestrheim
Me søkjer sjukepleiar til ledig vikariat i gruppe 2, sone Norheimsund - Pleie og omsorg.

Sjukepleiar – 54 % nattevaktstilling

11. mai 2017 kl. 11:10 - Anne Vestrheim
Me søkjer sjukepleiar til fast stilling i Nattevaktsteamet i Øystese - Pleie og omsorg.

Helsefagarbeidar - 60 % stilling

11. mai 2017 kl. 11:00 - Anne Vestrheim
Me søkjer deg som er helsefagarbeidar til fast stilling i Pleie og omsorg.

Fysioterapeut - 50 % stilling

4. mai 2017 kl. 08:55 - Anne Vestrheim
Fysioterapeutane i Kvam søkjer ny medarbeidar. Me har mykje fagleg kunnskap og jobbar gjerne tverrfagleg for å gje brukarane gode tenester. Har du lyst å jobba hos oss? Frå 15.08.17 har me ledig:

Helsesøster - 100 % vikariat

2. mai 2017 kl. 10:00 - Anne Vestrheim
Helsestasjonar og skulehelseteneste i Kvam er organisert i Kvam familie- og læringssenter under Oppveksteininga. Me har helsestasjonar i Ålvik, Øystese, Norheimsund og Strandebarm. Me har ansvar for skulehelsetenesta på 6 barneskular, to ungdomskular og tre vidaregåande skular, samt helsestasjon for flyktningar, ungdom og reisevaksine. Me søkjer helsesøster til ledig vikariat:


Legevakt 116117


SØKNADSSKJEMA Søknadsskjema


FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no