Lenke til artikkelinnhald - Fysioterapeut - 50 % stillingLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | LAGSPORTALEN | KVAM | PLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
AKTUELT
kunngjering
ledige stillingar
- Rektor - Kvam un..
- Einingsleiar for..
- Sjukepleiar – 80..
- Sjukepleiar – 54..
- Helsefagarbeidar..
- Fysioterapeut - ..
- Helsesøster - 10..
nyhende
lagsportalen
kalender
logg inn/ mi side

Du er her: Startside / aktuelt / ledige_stillingar /

Fysioterapeut - 50 % stilling

Utskriftsvenleg side Lagt ut 4. mai 2017 kl. 08:55 av Anne Vestrheim
Søknadssenter
Fysioterapeutane i Kvam søkjer ny medarbeidar. Me har mykje fagleg kunnskap og jobbar gjerne tverrfagleg for å gje brukarane gode tenester. Har du lyst å jobba hos oss? Frå 15.08.17 har me ledig:

50 % stilling som fysioterapeut

Sak. 17/616


Stillinga er p.t. knytt til Kvam behandling- og rehabiliteringsavdeling der rehabiliteringsavdelinga er ein spesialavdeling i kommunal institusjon med 8 plassar lokalisert på Toloheimen. Målgruppa er vaksne personar, først og fremst eldre, og mange av dei kjem direkte frå sjukehusopphald.

Fysioterapeutane er organisert i avdeling for ergo- og fysioterapiteneste. Det er 1 årsverk knytt til rehabiliteringsavdelinga, og det er no ledig 50 % av denne stillinga. Fysioterapeuten er ein del av det tverrfaglege rehabiliteringsteamet. Hovudoppgåvene er på rehabiliteringsavdelinga, men det vil óg vera polikliniske oppgåver. Det er høve til godt samarbeid og fagutveksling med kollegaer i ergo- og fysioterapitenesta.

Kvalifikasjonskrav:
• norsk autorisasjon som fysioterapeut
• gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
• førarkort for bil

Me søkjer deg som brenn for rehabilitering og vil vera med å utvikla rehabiliteringstilbodet. Det er ein fordel med erfaring og/eller vidareutdanning innan feltet.
Me søkjer ein person som er påliteleg, fleksibel og sjølvstendig med evne til å samarbeida og jobba i team.

Me ønskjer at medarbeidarar i Kvam herad:
• er serviceinnstilte og imøtekomande
• tek ansvar og er profesjonelle
• samarbeider med andre
• deler kompetanse og er nytenkjande

Alle som yter tenester etter helse og omsorgstenestelova skal frå 1. januar 2017 levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor leggja fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggjast ved søknaden.

Me kan tilby:
Faglege utfordringar og gode kollegaer
Løn etter gjeldande tariffavtalar og lokalt lønssystem
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Tilsetjing på vanlege vilkår for kommunale arbeidstakarar

Nærare opplysningar får du ved å venda deg til: Leiar for ergo- og fysioterapitenesta i Kvam Torild Kveberg mob. 90176166.

Søknadsfrist: 28. mai 2016

Søknaden skal sendast via vårt digitale søknadssenter.

Hugs å føre på utdanning og praksis, også om du har opplyst dette i tidlgare søknader til kommunen. Søknadspapir, kopiar av vitnemål og attestar osv. vert ikkje returnert.




Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad er ein inkluderande arbeidslivsbedrift (IA) og ønskjer å leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta.

Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.






Lenke: http://felles
Søknadssenter


Rektor - Kvam ungdomsskule

11. mai 2017 kl. 12:00 - Anne Vestrheim
Kvam har to fådelte barneskular, ein kombinert skule, to større barneskular og ein ungdomsskule. Kvam ungdomsskule har 249 elevar. Skulen har nye, moderne, trivelege og tenlege læringslokale. Skulen ligg sentrumsnært, nær vidaregåande skule i Øystese, og har eit unikt uteområde med fjord, fjøre, skog, fjell og idrettsbane lett tilgjengeleg.

Einingsleiar for plan og byggesak

11. mai 2017 kl. 11:45 - Anne Vestrheim
Kvam herad har ledig ei spanande stilling for deg som søkjer leiarutfordringar.

Sjukepleiar – 80% vikariat

11. mai 2017 kl. 11:25 - Anne Vestrheim
Me søkjer sjukepleiar til ledig vikariat i gruppe 2, sone Norheimsund - Pleie og omsorg.

Sjukepleiar – 54 % nattevaktstilling

11. mai 2017 kl. 11:10 - Anne Vestrheim
Me søkjer sjukepleiar til fast stilling i Nattevaktsteamet i Øystese - Pleie og omsorg.

Helsefagarbeidar - 60 % stilling

11. mai 2017 kl. 11:00 - Anne Vestrheim
Me søkjer deg som er helsefagarbeidar til fast stilling i Pleie og omsorg.

Helsesøster - 100 % vikariat

2. mai 2017 kl. 10:00 - Anne Vestrheim
Helsestasjonar og skulehelseteneste i Kvam er organisert i Kvam familie- og læringssenter under Oppveksteininga. Me har helsestasjonar i Ålvik, Øystese, Norheimsund og Strandebarm. Me har ansvar for skulehelsetenesta på 6 barneskular, to ungdomskular og tre vidaregåande skular, samt helsestasjon for flyktningar, ungdom og reisevaksine. Me søkjer helsesøster til ledig vikariat:


Legevakt 116117


SØKNADSSKJEMA Søknadsskjema


FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no