Lenke til artikkelinnhald - Helsefagarbeidar - 60 % stillingLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | LAGSPORTALEN | KVAM | PLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
AKTUELT
kunngjering
ledige stillingar
- Rektor - Kvam un..
- Einingsleiar for..
- Sjukepleiar – 80..
- Sjukepleiar – 54..
- Helsefagarbeidar..
- Fysioterapeut - ..
- Helsesøster - 10..
nyhende
lagsportalen
kalender
logg inn/ mi side

Du er her: Startside / aktuelt / ledige_stillingar /

Helsefagarbeidar - 60 % stilling

Utskriftsvenleg side Lagt ut 11. mai 2017 kl. 11:00 av Anne Vestrheim
Søknadssenter
Me søkjer deg som er helsefagarbeidar til fast stilling i Pleie og omsorg.

Sak 17/696

Ledig 60 % stilling som helsefagarbeidar, for tida i gruppe 2, sone Norheimsund. Stillinga er ledig frå juni 2017. Gruppe 2 har ansvar for heimetenester, både i omsorgsbustad og ute i heimen. Stillinga er knytt til turnus med for tida arbeid 3. kvar helg. Praktisk bistand/heimehjelpsoppdrag er ein del av arbeidet.

Kvalifikasjonar og eigenskapar
Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
Du må kunna arbeida sjølvstendig og vera fleksibel
Du må beherska norsk skriftleg og munnleg
Søkjar må ha sertifikat for bil

I Kvam herad legg me vekt på at tilsette er:
• Serviceinnstilt og imøtekomande
• Tek ansvar og er profesjonelle
• Samarbeidar med andre
• Deler kompetanse og er nytenkjande

Alle som yter tenester etter helse og omsorgstenestelova skal frå 1. januar 2017 levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor leggja fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggjast ved søknaden.

Kontaktperson: gruppeleiar Anne Martha Oma - 56556423/ 902 54 038 E-post: amaoma@kvam.kommune.no

Me tilbyr:
Ei utfordrande stilling med variert arbeid
Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
Gode pensjons-/og forsikringsordningar

Søknadsfrist: 28. mai 2017

Søk via vårt digitale søknadssenter.

Hugs å føra opp utdanning og praksis, også om du har opplyst om dette i tidlegare søknadar til kommunen. Søknadspapir, kopiar av vitnemål og attestar osv. vert ikkje returnert.



Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad er ein inkluderande arbeidslivsbedrift (IA) og ønskjer å leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta.

Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.








Søknadssenter


Rektor - Kvam ungdomsskule

11. mai 2017 kl. 12:00 - Anne Vestrheim
Kvam har to fådelte barneskular, ein kombinert skule, to større barneskular og ein ungdomsskule. Kvam ungdomsskule har 249 elevar. Skulen har nye, moderne, trivelege og tenlege læringslokale. Skulen ligg sentrumsnært, nær vidaregåande skule i Øystese, og har eit unikt uteområde med fjord, fjøre, skog, fjell og idrettsbane lett tilgjengeleg.

Einingsleiar for plan og byggesak

11. mai 2017 kl. 11:45 - Anne Vestrheim
Kvam herad har ledig ei spanande stilling for deg som søkjer leiarutfordringar.

Sjukepleiar – 80% vikariat

11. mai 2017 kl. 11:25 - Anne Vestrheim
Me søkjer sjukepleiar til ledig vikariat i gruppe 2, sone Norheimsund - Pleie og omsorg.

Sjukepleiar – 54 % nattevaktstilling

11. mai 2017 kl. 11:10 - Anne Vestrheim
Me søkjer sjukepleiar til fast stilling i Nattevaktsteamet i Øystese - Pleie og omsorg.

Fysioterapeut - 50 % stilling

4. mai 2017 kl. 08:55 - Anne Vestrheim
Fysioterapeutane i Kvam søkjer ny medarbeidar. Me har mykje fagleg kunnskap og jobbar gjerne tverrfagleg for å gje brukarane gode tenester. Har du lyst å jobba hos oss? Frå 15.08.17 har me ledig:

Helsesøster - 100 % vikariat

2. mai 2017 kl. 10:00 - Anne Vestrheim
Helsestasjonar og skulehelseteneste i Kvam er organisert i Kvam familie- og læringssenter under Oppveksteininga. Me har helsestasjonar i Ålvik, Øystese, Norheimsund og Strandebarm. Me har ansvar for skulehelsetenesta på 6 barneskular, to ungdomskular og tre vidaregåande skular, samt helsestasjon for flyktningar, ungdom og reisevaksine. Me søkjer helsesøster til ledig vikariat:


Legevakt 116117


SØKNADSSKJEMA Søknadsskjema


FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no