Lenke til artikkelinnhald - Einingsleiar for plan og byggesak Lenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | LAGSPORTALEN | VAL | KVAM | PLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
AKTUELT
kunngjering
ledige stillingar
- Kyrkjegardsarbei..
nyhende
lagsportalen
kalender
logg inn/ mi side

Du er her: Startside / aktuelt / ledige_stillingar /

Einingsleiar for plan og byggesak


OBS! Denne artikkelen er henta frå arkivet og er gått ut på dato. Innhaldet kan difor vera utdatert.


Utskriftsvenleg side Lagt ut 11. mai 2017 kl. 11:45 av Anne Vestrheim
Søknadssenter
Kvam herad har ledig ei spanande stilling for deg som søkjer leiarutfordringar.

Einingsleiar for plan og byggesak

Sak 17/680


Rådmannen opprettar frå hausten 2017 ei ny eining med ansvar for arealplanlegging, byggesak, geodata, landmåling og kommunegeolog.

Eininga sine fremste målsetjingar er høg service, tillitsskapande kommunikasjon, forsvarleg sakshandsaming og høg gjennomføringsevne. For å nå desse måla treng me ein strategisk og utviklingsorient
ert leiar med brukarinnsikt som klarar å engasjera dei tilsette til å jobba mot desse måla og samtidig koordinera og prioritera mellom oppgåvene. Me ønskjer ein fagleg sterk leiar med solid praktisk erfaring med det lovverket som regulerer fagområdet, spesielt plan og bygningslova, slik at ein i dialog med partane kan yta god service.

Som søkjar må du kunne visa til gode resultat innan både leiar- og fagoppgåver ved at du klarar balansera mellom ulike omsyn som drift og utvikling, styring og leiing. Du må vera tydeleg på mål, rammer og delegering av oppgåver.
Me ønskjer ein leiar med evne til å leia små og store endringsprosessar og som kan jobba systematisk med ulike sider i slike prosessar.

Leiaren må visa forståing for samspelet mellom politikk, administrasjon og tenesteyting og skapa tillit gjennom god kommunikasjon og rolleforståing. Me vil gje deg rom og takhøgde for at du skal lukkast med spanande oppgåver.

Kvalifikasjonar:
Utdanning på masternivå innan relevante fag
Det er ønskjeleg at søkjarar har erfaring og god kjennskap til dei fagområda ein skal leia

Me nyttar LEAN som filosofi for å driva med kontinuerleg forbetringsarbeid. I dette arbeidet har leiaren ei viktig rolle med å frigjera energi hjå medarbeidarane til å kopla brukarinnsikt med nyskapande prosessforbetringar. Mellom anna vil systematisk brukardialog og digitalisering vera viktige verkemiddel i dette arbeidet.

I Kvam herad legg me vekt på at leiarar skal:
- Bruka tid på leiing
- Gje tydleg retning
- Vera konstruktiv
- Visa endringsvilje
- Ha resultatfokus

I Kvam herad nyttar me felles leiarverktøy:
• leiar- og medarbeidarskapshjulet
• 10-faktorundersøking og mestringsorientert leiarskap
• lean-filosofi og metodikk

Me tilbyr:
• Faglege utfordringar og gode kollegaer
• løn etter avtale
• gode pensjons- og forsikringsordningar
• Tilsetjing på vanlege vilkår for kommunale arbeidstakarar


Nærmare opplysningar om stillinga får du ved å kontakta:
rådmann Arild Mc Clellan Steine – 98880485 Epost: ariste@kvam.kommune.no

Søknadsfrist: 28. mai 2017

Søknaden skal sendast via vårt digitale søknadssenter.

Hugs å føra opp utdanning og praksis, også om du har opplyst om dette i tidlegare søknadar til kommunen. Søknadspapir, kopiar av vitnemål og attestar osv. vert ikkje returnert.



Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad er ein inkluderande arbeidslivsbedrift (IA) og ønskjer å leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta.

Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.






Søknadssenter


Kyrkjegardsarbeidar i 100% stilling

18. september 2017 kl. 09:41 - Olav Skeie Lid
logo
Vår gode kyrkjegardsarbeidar sluttar hjå oss, og me søkjer hans etterfylgjar. Me har difor ledig stilling som kyrkjegardsarbeidar i 100% stilling med tilsetjing snarast.
  • Søknadsfrist: 6. oktober 2017.



Legevakt 116117


SØKNADSSKJEMA Søknadsskjema


FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no