Lenke til artikkelinnhald - Rektor - Kvam ungdomsskuleLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | LAGSPORTALEN | VAL | KVAM | PLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
AKTUELT
kunngjering
ledige stillingar
- Sjukepleiar – 60..
- Kommunejordmor –..
- Barnevernkonsule..
- Ledige sjukeplei..
nyhende
lagsportalen
kalender
logg inn/ mi side

Du er her: Startside / aktuelt / ledige_stillingar /

Rektor - Kvam ungdomsskule


OBS! Denne artikkelen er henta frå arkivet og er gått ut på dato. Innhaldet kan difor vera utdatert.


Utskriftsvenleg side Lagt ut 11. mai 2017 kl. 12:00 av Anne Vestrheim
Søknadssenter
Kvam har to fådelte barneskular, ein kombinert skule, to større barneskular og ein ungdomsskule. Kvam ungdomsskule har 249 elevar. Skulen har nye, moderne, trivelege og tenlege læringslokale. Skulen ligg sentrumsnært, nær vidaregåande skule i Øystese, og har eit unikt uteområde med fjord, fjøre, skog, fjell og idrettsbane lett tilgjengeleg.

Sak. 17/603

Stillinga som rektor, p.t. ved Kvam ungdomsskule er ledig frå 1.8.17.

Rektor og tre avdelingsleiarar utgjer leiarteamet ved skulen. Rektor har ansvar for den totale drifta av skulen: pedagogisk, administrativt og økonomisk, medan avdelingsleiarane leier kvart sitt trinn. Målet er tydeleg pedagogisk leiing, å vera tett på i det pedagogiske og relasjonelle arbeidet, utvikla skulen som lærande organisasjon gjennom teamarbeid og å ha heilskapleg syn på leiing. Leiinga arbeider tett med tenestene i Kvam Familie- og læringssenter (KFL), der helsesøster, psykolog, PPT, prosjekt LOS for ungdom og utekontakt har faste dagar på skulen.

Me har som mål at Kvammaskulen skal vere ein god stad å læra og ein god stad å vera, og me har fokus på tryggleik og trivsel for alle. Skuleeigar, skuleleiarar og medarbeidarar står saman om elevane si læring og trivsel. Alle barnehagar og skular deltek i felles utviklingsarbeid gjennom LP-modellen, med fokus på læringsmiljø og pedagogisk analyse.

Som rektor må du:
• ha pedagogisk kompetanse og nødvendige leiareigenskapar , jf Opplæringslova § 9-1
• kunna leia og motivera til fagleg og pedagogisk utviklingsarbeid
• sørgja for at skulen vert driven i samsvar med politiske vedtak og rammer
• ha god økonomisk styring og kan finna gode løysingar innan tildelte rammer

Me ønskjer ein rektor som:
• har rektor/leiarutdanning
• kan utvikla teamarbeid og skulen som lærande organisasjon
• har evne til å inspirera, rettleia, tenkja nytt og jobba målretta med utfordringar
• har god kommunikasjonsevne, relasjonelt, skriftleg og munnleg
• har fagleg-pedagogisk kompetanse og erfaring frå ungdomsskule
• kan setja i verk og driva utviklingsprosessar på ein motiverande måte

I Kvam herad legg me vekt på at leiarar skal:
• gje tydeleg retning
• vera konstruktive
• visa endringsvilje
• bruka tid på leiing
• ha resultatfokus

Politiattest vil bli kravd i samband med tilsetjing jfr. Opplæringslova §10.9

I Kvam herad nyttar me felles leiarverktøy:
• leiar- og medarbeidarskapshjulet
• 10-faktorundersøking og mestringsorientert leiarskap
• lean-filosofi og metodikk

Me tilbyr:
• godt arbeidsmiljø og teamkultur
• sterke fagmiljø
• spennande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
• løn etter avtale
• gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår

Nærmare opplysningar om stillinga får du ved å kontakta:
Leiar for barnehage og skule Beate Gauden 56553058/90591182 eller rektor Frode Sandven 47816900.

Søknadsfrist: 28. mai 2017

Søknaden skal sendast via vårt digitale søknadssenter.

Hugs å føra opp utdanning og praksis, også om du har opplyst om dette i tidlegare søknadar til kommunen. Søknadspapir, kopiar av vitnemål og attestar osv. vert ikkje returnert.



Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad er ein inkluderande arbeidslivsbedrift (IA) og ønskjer å leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta.

Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.





Søknadssenter


Sjukepleiar – 60 % vikariat

15. november 2017 kl. 15:30 - Anne Vestrheim
Søkjer du nye utfordringar? Spennande sjukepleiarvikariat ved Kvam Rehabilitering og behandlingsavdeling vert ledig frå mars 2018

Kommunejordmor – 1 års vikariat

15. november 2017 kl. 15:20 - Anne Vestrheim
Kvam helsestasjon- og skulehelseteneste er organisert i Kvam familie- og læringssenter under Oppveksteininga. Me har ansvar for helsestasjon- og skulehelseteneste inkludert jordmorteneste. Det er helsestasjonar i Ålvik, Øystese, Norheimsund og Strandebarm. Jordmorkontoret er sentralt plassert i heradet ved Norheimsund helsestasjon. I samband med skulehelsetenesta er me fordelt på 6 barneskular, to ungdomskular og tre vidaregåande skular, og me har ansvar for helsestasjon for flyktningar, ungdom og reisevaksine.

Barnevernkonsulent/sakshandsamar – 1 års vikariat

15. november 2017 kl. 15:00 - Anne Vestrheim
Spennande jobbtilbod med barn/unge og familiar i Hardanger:

Ledige sjukepleiarstillingar i Nattevaktsteamet

14. november 2017 kl. 14:50 - Anne Vestrheim
Me søkjer sjukepleiararar til Nattevaktsteamet i Øystese


Legevakt 116117


SØKNADSSKJEMA Søknadsskjema


FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no