Lenke til artikkelinnhald - EpostlesarLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | LAGSPORTALEN | VAL | KVAM | PLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
AKTUELT
kunngjering
ledige stillingar
nyhende
- Fotokonkurranse ..
- Ny makspris i ba..
- Informasjon om t..
- Gratis HPV-vaksi..
- Registreringspli..
- Høyring: Nye kom..
- Høyring: Ny vegn..
- Vegarbeid på Fv7..
- Nye skjema for k..
- Innsamling av ar..
- Pris- og gebyrhe..
- Kvam herad tilby..
lagsportalen
kalender
logg inn/ mi side

Du er her: Startside / aktuelt / nyhende /

Epostlesar


OBS! Denne artikkelen er henta frå arkivet og er gått ut på dato. Innhaldet kan difor vera utdatert.


Utskriftsvenleg side Lagt ut 28. mars 2011 kl. 15:12 av Hans Chr Berstad
Sikker pålogging på epostlesar er no etablert med skikkeleg sertifikat. Me har over lengre tid hatt eit sertifikat som me har laga sjølv, men har no fått generert sertifikat frå Buypass. For dykk som nyttar epostlesar skal de passa på at det til einkvar tid står https i adressefeltet når de er logga på epostlesaren.

HTTPS: i adressefeltet sikrar at kommunikasjon mellom din datamaskin og server er kryptert og at ingen kan lytte på linja for å plukke opp brukarnamn og passord.
 

Me vil gjerna at de i alle samanheng nyttar https når de nyttar brukarnamn og passord. Dette gjeld ikkje berre heradet sine sider, men og td, Facebook, MSN, GMAIL osb.

 

Det er vanleg at bankar nyttar https og også td Norsk Tipping.

 

For våre løysingar skal det stå følgjande i adressefeltet :

 





 

Mvh

IKT

 



Fotokonkurranse - ny nettportal

6. desember 2017 kl. 08:10 - Frank Tangen
Vinn kr. 2000 og få ditt bilete brukt som illustrasjon i Kvam herad sin nye nettportal!
Kvam herad inviterer til fotokonkurranse med Kvam som tema. Bileta skal syna eitt eller fleire motiv du meiner illustrerer Kvam på ein interessant og/eller heilskapleg måte. Du vel sjølv kva årstid bilete skal visa.

Ny makspris i barnehagen frå 1. januar 2018

1. desember 2017 kl. 12:38 - Beate Gauden
Kvam herad følgjer staten sin makspris for foreldrebetaling i barnehage. Frå og med 01.01.18 aukar maksprisen for ein 100% plass pr. månad frå kr. 2730,- til kr. 2910,-. Betaling for plass i barnehage kan ikkje vera høgare enn maksgrensa. Dette gjeld både offentlege og private barnehagar. Maksprisen er fastsett av Stortinget sitt årlege budsjettvedtak.

Informasjon om tildeling av plass i barnehage frå januar/februar 2018

28. november 2017 kl. 13:21 - Beate Gauden
I løpet av desember vil barnehageadministrasjonen tildela eventuelle ledige barnehageplassar frå januar/februar 2018. Dei som får tilbod om barnehageplass, vil få epost om dette. På grunn av forskriftsendring vert det frigjeve færre plassar enn tidlegare, og det er betydeleg større etterspurnad for vårhalvåret 2018 enn føregåande år. Fint om foreldre sjekkar at eposten som ligg inne på søknadsportalen stemmer.

Gratis HPV-vaksine til kvinner fødde i 1991 eller seinare

22. november 2017 kl. 08:25 - Torill Høyland
Infeksjon med humant papillomavirus (HPV) er svært vanleg blant personar som er seksuelt aktive. Kvinner som får ein vedvarande HPV-infeksjon kan på sikt utvikla livmorhalskreft. Kvart år får om lag 300 kvinner i Noreg livmorhalskreft og 65-100 døyr av sjukdomen. HPV-vaksine kan gi vern også hjå dei som har debutert seksuelt. HPV-vaksine er difor tilrådd til alle unge kvinner som ikkje tidlegare er vaksinerte.

Registreringsplikt for sal av tobakksprodukt

21. november 2017 kl. 14:28 - Bjørnar Dagstad
Frå 2018 må alle som skal selja tobakksprodukt registrera verksemda i Tobakkssalsregisteret. Dette må gjerast innan utgangen av 2017. Dette vart vedteke i Tobakkskadeloven §4 i juni.

Høyring: Nye kommunedelplanar for vatn og avløp 2017 - 2024

10. november 2017 kl. 11:01 - Jarle Ystebø
Kvam heradsstyre har i møte den 27.09.2017 vedteke i samsvar med plan- og bygningslova § 11-14 å leggja kommunedelplanar for vatn og avløp ut til høyring og offentleg ettersyn i inntil 6 veker.
Høyringsfrist: 29.12.2017

Høyring: Ny vegnorm for Kvam herad

7. november 2017 kl. 06:08 - Nils Eivind Stranden
Kvam herad har vore med på å utarbeida vegnorm i lag med 11 andre kommunar i Hordaland. Norma skal sikra lik praksis knytt til bygging av nye vegar. Den set òg vilkår knytt til overtaking av private vegar, eller nedklassifisering (overføring frå kommunal til privat) av vegar. Før kommunal veg kan nedklassifserast til privat veg, skal det gjerast politisk vedtak i kommunen.
Høyringsfrist: 29. desember

Vegarbeid på Fv7 ved Laupsa

26. september 2017 kl. 10:40 - Frank Tangen
Statens vegvesen melder at Fv7 vert preiodevis stengt på grunn av vegarbeid ved Laupsa i Øystese i perioden 26. september til 22. desember. Personbilar kan nytta Fv131 (om Porsmyr) i stengetida. Vegen vert stengt:
  • Måndag - torsdag
    • kl. 0820-1045
    • kl. 1115-1410
    • kl. 1430-1505
    • kl. 1535-1610
    • kl. 1630-1830
Sjekk vegmeldingar på vegvesen.no

Nye skjema for kulturtilskot

11. mai 2017 kl. 11:03 - Mary Ann Sørheim
Skal du eller laget ditt søkja kulturtilskot til ulike arrangement eller prosjekt, finn du søknadsskjema her: http://www.kvam.no/lag/samla/biblskule.asp?meny=kommunale_tilskot Informasjon: kontakt kulturkontoret v/ Mary Ann Sørheim 56 55 69 06/ 954 07 710 eller mars@kvam.kommune.no

Innsamling av arkivmateriale frå lag og organisasjonar

29. mars 2017 kl. 13:14 - Mary Ann Sørheim
Har laget ditt gamle møtebøker, arkiv, protokollar, lagsblad, vedtekter, fotomateriale, lokalhistoriske filmar osv ? Kulturkontoret vil gjerne samla og arkivera dette materialet.

Pris- og gebyrhefte

5. januar 2017 kl. 08:56 - Anita Hesthamar
Prisar og gebyr for 2017 er klare.

Kvam herad tilbyr AvtaleGiro og eFaktura

12. juni 2016 kl. 06:58 - Kristi Neteland
AvtaleGiro og eFaktura Du kan velja mellom eFaktura, Avtalegiro eller ein kombinasjon av begge. Avtalen kan du enkelt oppretta her ved hjelp av BankID. Eventuelt kan du oppretta avtalen i nettbanken, eller ved å ta kontakt med banken din. Dersom du ikkje har nettbank kan du inngå avtale om AvtaleGiro ved å fylla ut og senda inn vår svarkupong.


Legevakt 116117



FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no