Lenke til artikkelinnhald - Radonmålingar - tilbod til innbyggjarane i Kvam heradLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | LAGSPORTALEN | KVAM | PLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
AKTUELT
kunngjering
ledige stillingar
nyhende
- Arbeid på Kjosås..
- Arbeid på Klyvev..
- Bål og bråtebren..
- Branntryggleik p..
- Søknad om støtte..
- Ny nettadresse t..
- Innsamling av ar..
- Tildeling av adr..
- Offentleg etters..
- Innspel om frilu..
- Kvam herad tilby..
lagsportalen
kalender
logg inn/ mi side

Du er her: Startside / aktuelt / nyhende /

Radonmålingar - tilbod til innbyggjarane i Kvam herad

Utskriftsvenleg side Lagt ut 6. januar 2017 kl. 12:45 av Kommunegeologen
Målesesongen for radon er frå ca. 15. okt. til 15. apr. (sporfilm må setjast ut seinast 15. feb). Kvam herad har ein avtale med Radonlab som gjer innbyggjarar i Kvam rimelelege sporfilmmålarar. Innbyggjarar må sjølv tinga sporfilm via Radonlab sine nettsider eller på telefon 21 96 03 50 (passord "Kvam").

Radon
Radon er ein luktfri, usynleg og radioaktiv edelgass som fins i grunnen. I for høge konsentrasjonar over tid kan han vera helseskadeleg. Radonmålingar i Kvam viser at ca. 5 % av sporfilmmålingane er over tilrådd verdi.

Radonverdiane varierar i løpet av dagen og året, og er oftast høgare i vinterhalvåret. Statens strålevern har som standard at målingar av radon bør skje i perioden 15. okt. og 15. april (målesesongen for radon). Sporfilm bør stå i minst i to månadar (må setjast ut før 15. februar), enkelte digitale målingar kan gjennomførast på ei veke.

Det er gjennom strålevernforskrifta av 29.10.2010 sett nye krav til kva nivå som er akseptable. Skular, barnehagar og andre offentlege bygg er omfatta av kravet, likeeins gjeld det utleigebustader (både offentlege og private).

Utleigarar bør derfor sterkt vurdere å ta radonmålingar.

For nærare informasjon viser me til artikkel på heimesida til Kvam herad: http://www.kvam.no/radon


Tilbod til innbyggjarane
Kvam herad har inngått ein samarbeidsavtale med sin leverandør om eit tilbod til private eigarar i Kvam herad. Innbyggjarar må sjølv tinga sporfilm frå Radonlab over nettsida http://www.radonlab.com/kvam eller på tlf. 21 96 03 50 (passord: «kvam»). Prisen per sporfilm vil vere 145,- + frakt.
Føresetnaden for rabatten er at Kvam herad og Statens strålevern vil få tilgang til måleresultata.

Meir opplysningar kan de få ved å kontakta Tore Dolvik på epost tordol@kvam.kommune.no eller på tlf. 56553076.



Arbeid på Kjosåsvegen

20. april 2017 kl. 13:35 - Leif Skår
Grunna utbetring av murar kan det verta korte stopp i Kjosåsvegen frå måndag 24. april og ca 14 dagar framover. Eventuelle spørsmål kan rettast til Leif Skår på tlf. 91105616

Arbeid på Klyvevegen

20. april 2017 kl. 12:46 - Leif Skår
Det er sig nokre stader langs Klyvegevegen. Kvam herad planlegg å gjera ei oppgradering av vegbana, for å hindra vidare sig.
  • Oppstart måndag 24. april. Det vil då kun verta behov for korte stopp.
  • Frå torsdag 27. april kl. 16.30 til fredag kl. 07.00 vil vegen bli stengt for biltrafikk.

Bål og bråtebrenning

18. april 2017 kl. 15:00 - Arthur Strømme
Bål og bråtebrenning Kjem du i vårstemning når du kjenner lukta av bål eller bråtebrann. Ver då merksam på at røyken frå brenning av hageavfall luktar spesielt grunna ufullstendig forbrenning. Røyken inneheld helse- og miljøskadelege stoff som kan vera til stor plage. Særleg er dei som har astma og allergi utsette. Brenning av gras og hageavfall fører dessutan kvart år til skogbrann med fare for mennesker, dyr og tap av verdiar. Ta difor særleg omsyn til naboane .

Branntryggleik på hytta er like viktig som heime

5. april 2017 kl. 12:55 - Arthur Strømme
Omlag 100 hytter og fritidsbustader i Norge brenn kvart år, og dei siste ti åra har 25 personar mista livet som fylgje av brann i hytter/fritidsbustader. Bruk av open eld, dårleg kokeanlegg og feil fyring er ofte brannårsaka.

Søknad om støtte til viltføremål 2017

4. april 2017 kl. 10:57 - Jan Tjosås
Det kan søkjast om tilskot frå Kvam viltfond til viltrelatert arbeid i heradet. Søknaden skal sendast til: Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund, mrk. Viltfond eller til postmottak@kvam.kommune.no

Ny nettadresse til Kvam bibliotek

3. april 2017 kl. 07:10 - Ragna Helene Vestrheim
Frå 1. april vart hovudportalen hardangerbiblioteka.no nedlagt. Kvam bibliotek er framleis på nett, men fram til ny hovudportal er på plass finn du oss og alle våre teneseter på www.kvam.no/bibliotek

Innsamling av arkivmateriale frå lag og organisasjonar

29. mars 2017 kl. 13:14 - Mary Ann Sørheim
Har laget ditt gamle møtebøker, arkiv, protokollar, lagsblad, vedtekter, fotomateriale, lokalhistoriske filmar osv ? Kulturkontoret vil gjerne samla og arkivera dette materialet.

Tildeling av adresser på Kvamskogen

1. februar 2017 kl. 14:00 - Benjamin Danielsen
Kvam herad har vedteke vegadresser til dei fleste eigedomane på Kvamskogen. Klager er gjennomgått og endringar er utført.

Offentleg ettersyn - Framlegg til reguleringsplan for Kvednaskogen

19. desember 2016 kl. 14:10 - Leiv Ingmar Kaale

NPB-utvalet har i møte den 22.11.2016 vedteke at framlegg til reguleringsplan Kvednaskogen i Kvam herad skal leggjast ut til offentleg ettersyn. NPB-sak 080/16

Innspel om friluftsområde i Kvam

28. november 2016 kl. 14:40 - Reidun Braut Kjosås
Kvam herad og Bergen og omland friluftsråd treng hjelp frå deg til å få oversikt over område som vert nytta til friluftsliv i Kvam? Kvam har mange flotte friluftsområde både langs fjorden og høgare opp i fjellet. Mykje har me oversikt over, men det er fleire område som kan registrerast. - Frist for innsending av innspel er 29. januar 2017

Kvam herad tilbyr AvtaleGiro og eFaktura

12. juni 2016 kl. 06:58 - Kristi Neteland
AvtaleGiro og eFaktura Du kan velja mellom eFaktura, Avtalegiro eller ein kombinasjon av begge. Avtalen kan du enkelt oppretta her ved hjelp av BankID. Eventuelt kan du oppretta avtalen i nettbanken, eller ved å ta kontakt med banken din. Dersom du ikkje har nettbank kan du inngå avtale om AvtaleGiro ved å fylla ut og senda inn vår svarkupong.


Legevakt 116117



FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no