Lenke til artikkelinnhald - No slepp du å søke om frikort for helsetenesterLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | LAGSPORTALEN | KVAM | PLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
AKTUELT
kunngjering
ledige stillingar
nyhende
- Arbeid på Kjosås..
- Arbeid på Klyvev..
- Bål og bråtebren..
- Branntryggleik p..
- Søknad om støtte..
- Ny nettadresse t..
- Innsamling av ar..
- Tildeling av adr..
- Offentleg etters..
- Innspel om frilu..
- Kvam herad tilby..
lagsportalen
kalender
logg inn/ mi side

Du er her: Startside / aktuelt / nyhende /

No slepp du å søke om frikort for helsetenester

Utskriftsvenleg side Lagt ut 5. januar 2017 kl. 08:27 av Frank Tangen
Informasjonsskriv frå HELFO:
Frikort for eigendelstak 2 er automatisert frå 1. januar 2017. Frå denne datoen slepp du å søke om frikort for helsetenester. Det kjem automatisk i posten innan tre veker etter at eigendelstaket på 1 990 kroner er nådd.

Det er to frikortsordningar i Noreg, ein for eigendelstak 1 og ein for eigendelstak 2. Dei gjeld for ulike tenester. Har du fått frikort i den eine ordninga, kan du ikkje nytte det i den andre ordninga. Ordninga med frikort for eigendelstak 1 er allereie automatisert, og frå nyttår vart også ordninga for frikort eigendelstak 2 automatisert.

I frikort eigendelstak 2 inngår eigendelar for:
  • undersøking og handsaming hjå fysioterapeut med driftstilskot eller fastlønna fysioterapeut i kommunen
  • enkelte former for tannbehandling
  • opphald ved rehabiliteringsinstitusjonar som har driftsavtale med regionalt helseforetak
  • helsereiser til utlandet i regi av Oslo universitetssykehus - Rikshospitalet

Dette er nytt frå 1. januar 2017:

  • Du får frikort eigendelstak 2 utan å søke om det. Det kjem automatisk i posten innan tre veker etter at eigendelstaket er nådd.
  • Eigendelstaket for frikort i eigendelstak 2 for 2017 er kr. 1 990.
  • Har du betalt for mykje, blir det du har krav på automatisk tilbakebetalt.
  • Aldersgrensa for eigendelsfritak er heva frå 12 til 16 år.
  • Alle pasientar må betale eigendel for behandling hjå fysioterapeut - unntatt barn under 16 år og personar med yrkesskade.
  • Du kan sjølv følge med på dine registrerte eigendeler ved å logge inn på helsenorge.no.


Frikort eigendelstak 1 – nytt eigendelstak for 2017: 2 205 kroner
I frikort eigendelstak 1 inngår eigendeler frå lege, psykolog, poliklinikk (sjukehus), røntgeninstitutt, pasientreiser og medisiner og utstyr på blå resept.
Dette frikortet får du automatisk i posten innan tre veker etter at du har betalt over 2 205 kroner i egendelar i 2017.

Meir informasjon finn du på helsenorge.no/frikort



Arbeid på Kjosåsvegen

20. april 2017 kl. 13:35 - Leif Skår
Grunna utbetring av murar kan det verta korte stopp i Kjosåsvegen frå måndag 24. april og ca 14 dagar framover. Eventuelle spørsmål kan rettast til Leif Skår på tlf. 91105616

Arbeid på Klyvevegen

20. april 2017 kl. 12:46 - Leif Skår
Det er sig nokre stader langs Klyvegevegen. Kvam herad planlegg å gjera ei oppgradering av vegbana, for å hindra vidare sig.
  • Oppstart måndag 24. april. Det vil då kun verta behov for korte stopp.
  • Frå torsdag 27. april kl. 16.30 til fredag kl. 07.00 vil vegen bli stengt for biltrafikk.

Bål og bråtebrenning

18. april 2017 kl. 15:00 - Arthur Strømme
Bål og bråtebrenning Kjem du i vårstemning når du kjenner lukta av bål eller bråtebrann. Ver då merksam på at røyken frå brenning av hageavfall luktar spesielt grunna ufullstendig forbrenning. Røyken inneheld helse- og miljøskadelege stoff som kan vera til stor plage. Særleg er dei som har astma og allergi utsette. Brenning av gras og hageavfall fører dessutan kvart år til skogbrann med fare for mennesker, dyr og tap av verdiar. Ta difor særleg omsyn til naboane .

Branntryggleik på hytta er like viktig som heime

5. april 2017 kl. 12:55 - Arthur Strømme
Omlag 100 hytter og fritidsbustader i Norge brenn kvart år, og dei siste ti åra har 25 personar mista livet som fylgje av brann i hytter/fritidsbustader. Bruk av open eld, dårleg kokeanlegg og feil fyring er ofte brannårsaka.

Søknad om støtte til viltføremål 2017

4. april 2017 kl. 10:57 - Jan Tjosås
Det kan søkjast om tilskot frå Kvam viltfond til viltrelatert arbeid i heradet. Søknaden skal sendast til: Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund, mrk. Viltfond eller til postmottak@kvam.kommune.no

Ny nettadresse til Kvam bibliotek

3. april 2017 kl. 07:10 - Ragna Helene Vestrheim
Frå 1. april vart hovudportalen hardangerbiblioteka.no nedlagt. Kvam bibliotek er framleis på nett, men fram til ny hovudportal er på plass finn du oss og alle våre teneseter på www.kvam.no/bibliotek

Innsamling av arkivmateriale frå lag og organisasjonar

29. mars 2017 kl. 13:14 - Mary Ann Sørheim
Har laget ditt gamle møtebøker, arkiv, protokollar, lagsblad, vedtekter, fotomateriale, lokalhistoriske filmar osv ? Kulturkontoret vil gjerne samla og arkivera dette materialet.

Tildeling av adresser på Kvamskogen

1. februar 2017 kl. 14:00 - Benjamin Danielsen
Kvam herad har vedteke vegadresser til dei fleste eigedomane på Kvamskogen. Klager er gjennomgått og endringar er utført.

Offentleg ettersyn - Framlegg til reguleringsplan for Kvednaskogen

19. desember 2016 kl. 14:10 - Leiv Ingmar Kaale

NPB-utvalet har i møte den 22.11.2016 vedteke at framlegg til reguleringsplan Kvednaskogen i Kvam herad skal leggjast ut til offentleg ettersyn. NPB-sak 080/16

Innspel om friluftsområde i Kvam

28. november 2016 kl. 14:40 - Reidun Braut Kjosås
Kvam herad og Bergen og omland friluftsråd treng hjelp frå deg til å få oversikt over område som vert nytta til friluftsliv i Kvam? Kvam har mange flotte friluftsområde både langs fjorden og høgare opp i fjellet. Mykje har me oversikt over, men det er fleire område som kan registrerast. - Frist for innsending av innspel er 29. januar 2017

Kvam herad tilbyr AvtaleGiro og eFaktura

12. juni 2016 kl. 06:58 - Kristi Neteland
AvtaleGiro og eFaktura Du kan velja mellom eFaktura, Avtalegiro eller ein kombinasjon av begge. Avtalen kan du enkelt oppretta her ved hjelp av BankID. Eventuelt kan du oppretta avtalen i nettbanken, eller ved å ta kontakt med banken din. Dersom du ikkje har nettbank kan du inngå avtale om AvtaleGiro ved å fylla ut og senda inn vår svarkupong.


Legevakt 116117



FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no