Lenke til artikkelinnhald - Informasjon om riving av Ålvik skuleLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | LAGSPORTALEN | KVAM | PLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
AKTUELT
kunngjering
ledige stillingar
nyhende
- Godkjend reguler..
- Tordalsvegen..
- Tilbod om skogbr..
- Kunstutstilling..
- Nye skjema for k..
- NVE har gitt Kva..
- Ferieklubben 201..
- Innsamling av ar..
- Tildeling av adr..
- Pris- og gebyrhe..
- Offentleg etters..
- Innspel om frilu..
- Kvam herad tilby..
lagsportalen
kalender
logg inn/ mi side

Du er her: Startside / aktuelt / nyhende /

Informasjon om riving av Ålvik skule

Utskriftsvenleg side Lagt ut 16. februar 2017 kl. 07:43 av Tore Skeie
AF Decom vil starta rivearbeid ved Ålvik skule frå 20. februar og framover i ca. 9 veker. Dette vil medføra noko maskinstøy i området rundt skulen samt anleggstrafikk inn og ut av området. Arbeid med maskiner vil føregå måndag til torsdag i tida kl. 07-19, og fredag kl. 07-16 etter behov. Arbeidet inneber også pigging av betongkonstruksjonar som er særleg støyande arbeid. Pigging vil difor avgrensast til tida mellom kl 08-16.

  • Kontaktperson i AF Decom: Thomas Henanger, mobil 993 96 428
  • Totalentreprenør: Seksjonsbygg as, Nils Soldal, mobil 91734524
  • Kontaktpersonar i Kvam herad: prosjektleiar Bjarte Rasmussen, mobil 41248085 og Tore Skeie, mobil 90077001.



Godkjend reguleringsplan for gnr. 120, bnr. 37 strandebarm hotell

26. mai 2017 kl. 14:00 - Trond Inge Brakestad

Reguleringsplan for gnr. 120, bnr. 37 Strandebarm hotell vart vedteken av Kvam heradstyre 02.05.2017, HST-sak 023/17



Planområde

Tordalsvegen

22. mai 2017 kl. 13:44 - Leif Skår
På grunn av vedlikehaldsarbeid kan Tordalsvegen verta stengd i korte periodar frå tysdag 23. mai til onsdag 31. mai. Eventuelle spørsmål: kontakt tlf. 91105616

Tilbod om skogbruksplan i Hordaland - frist 1. juni

17. mai 2017 kl. 12:49 - Jan Tjosås
Kvam herad oppmodar alle skogeigarane i Kvam om å tinga skogbruksplan innan fristen 1. juni.

Kunstutstilling

11. mai 2017 kl. 14:04 - Rolf Kristoffer Seldal
Elevane på visuelle kunstfag i Kvam kulturskule bidreg med kunstverk på kunstutstillinga i Oseana i Os no i mai. Ta gjerne turen innom!

Nye skjema for kulturtilskot

11. mai 2017 kl. 11:03 - Mary Ann Sørheim
Skal du eller laget ditt søkja kulturtilskot til ulike arrangement eller prosjekt, finn du søknadsskjema her: http://www.kvam.no/lag/samla/biblskule.asp?meny=kommunale_tilskot Informasjon: kontakt kulturkontoret v/ Mary Ann Sørheim 56 55 69 06/ 954 07 710 eller mars@kvam.kommune.no

NVE har gitt Kvam herad betre oversikt over skredfaren i kommunen

10. mai 2017 kl. 13:00 - Kommunegeologen
NVE var tysdag 9. mai i Kvam for å informere om og overlevere rapport med skredfaresonekart for deler av Kvam herad. Rapport og faresonekart ligg ute på NVE sine heimeside, kartløysingar og WMS-lag.

Ferieklubben 2017

25. april 2017 kl. 10:40 - Mary Ann Sørheim
Det vert arrangert ferieklubb for born i alderen 1.-4.klasse i vekene 26, 27 og 32. Påmeldingsfrist 2.6.17.

Innsamling av arkivmateriale frå lag og organisasjonar

29. mars 2017 kl. 13:14 - Mary Ann Sørheim
Har laget ditt gamle møtebøker, arkiv, protokollar, lagsblad, vedtekter, fotomateriale, lokalhistoriske filmar osv ? Kulturkontoret vil gjerne samla og arkivera dette materialet.

Tildeling av adresser på Kvamskogen

1. februar 2017 kl. 14:00 - Benjamin Danielsen
Kvam herad har vedteke vegadresser til dei fleste eigedomane på Kvamskogen. Klager er gjennomgått og endringar er utført.

Pris- og gebyrhefte

5. januar 2017 kl. 08:56 - Anita Hesthamar
Prisar og gebyr for 2017 er klare.

Offentleg ettersyn - Framlegg til reguleringsplan for Kvednaskogen

19. desember 2016 kl. 14:10 - Leiv Ingmar Kaale

NPB-utvalet har i møte den 22.11.2016 vedteke at framlegg til reguleringsplan Kvednaskogen i Kvam herad skal leggjast ut til offentleg ettersyn. NPB-sak 080/16

Innspel om friluftsområde i Kvam

28. november 2016 kl. 14:40 - Reidun Braut Kjosås
Kvam herad og Bergen og omland friluftsråd treng hjelp frå deg til å få oversikt over område som vert nytta til friluftsliv i Kvam? Kvam har mange flotte friluftsområde både langs fjorden og høgare opp i fjellet. Mykje har me oversikt over, men det er fleire område som kan registrerast. - Frist for innsending av innspel er 29. januar 2017

Kvam herad tilbyr AvtaleGiro og eFaktura

12. juni 2016 kl. 06:58 - Kristi Neteland
AvtaleGiro og eFaktura Du kan velja mellom eFaktura, Avtalegiro eller ein kombinasjon av begge. Avtalen kan du enkelt oppretta her ved hjelp av BankID. Eventuelt kan du oppretta avtalen i nettbanken, eller ved å ta kontakt med banken din. Dersom du ikkje har nettbank kan du inngå avtale om AvtaleGiro ved å fylla ut og senda inn vår svarkupong.


Legevakt 116117



FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no