Lenke til artikkelinnhald - Tilbod om skogbruksplan i Hordaland - frist 1. juniLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | LAGSPORTALEN | VAL | KVAM | PLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
AKTUELT
kunngjering
ledige stillingar
nyhende
- Notanes, oppstar..
- Vegarbeid i Skår..
- Informasjon om h..
- Vegarbeid på Fv7..
- Utlysing av tils..
- Vil du bidra til..
- Reguleringsplan ..
- Vegstenging - Ne..
- Kvam herad tilby..
lagsportalen
kalender
logg inn/ mi side

Du er her: Startside / aktuelt / nyhende /

Tilbod om skogbruksplan i Hordaland - frist 1. juni


OBS! Denne artikkelen er henta frå arkivet og er gått ut på dato. Innhaldet kan difor vera utdatert.


Utskriftsvenleg side Lagt ut 17. mai 2017 kl. 12:49 av Jan Tjosås
Kvam herad oppmodar alle skogeigarane i Kvam om å tinga skogbruksplan innan fristen 1. juni.

I desse dagar er det sendt ut brev til alle skogeigarane i Kvam herad for å undersøkja interessa for skogbruksplan. Dersom du ikkje har fått brev, ta kontakt med Vestskog. Før ein kan gå i gang med ein områdetakst, er det eit krav at det skal vera 50% tinging på skogarealet før staten kan gje tilskot opp til 70% av kostnad.

Tilbodet er for å undersøkja om det er stor nok interesse i desse områda for ein revisjon/områdetakst. For at staten skal gå inn med tilskotsmidlar (70%), må det vera minst 50% tinging av skogarealet.

DIFOR ER DET VIKTIG AT DU TINGAR DEG PLAN NO!



Ta kontakt med oss på Plan-avdelinga via epost plan@vestskog.no eller sjå www.vestskog.no om noko er uklart.


Notanes, oppstart av reguleringsplan for offentleg avlaupsanlegg og parkområde

15. januar 2018 kl. 11:27 - Leiv Ingmar Kaale
Føremålet med detaljreguleringsplanen er å leggja til rette for utvida avlaupsanlegg med tilhøyrande infrastruktur og uteområde.

Vegarbeid i Skårdalsvegen (Fv 131)

15. januar 2018 kl. 07:12 - Nils Eivind Stranden
Kjosås Maskin AS skal utføra arbeid med utbetring av FV131 i Øystese, Skårdalsvegen, i perioden 15.01.2018 – 01.05.2018. Vegen kan verta stengt i inntil 30 minutt ved sprenging.
  • Sprenging vert varsla med lydsignal og skal utførast fredagar.

Informasjon om hovudopptak i barnehagar i 2018

12. januar 2018 kl. 10:58 - Beate Gauden
Alle barn som er fødd før 01.12.17 har lovfesta rett på barnehageplass frå og med 01.08.2018 eller den månaden dei fyller 1 år, dersom det er søkt om plass innan søknadsfristen.

Vegarbeid på Fv7 ved Laupsa

10. januar 2018 kl. 10:40 - Frank Tangen
Statens vegvesen melder at Fv7 vert periodevis stengt måndag-torsdag på grunn av vegarbeid ved Laupsa i Øystese i perioden 2. januar til 30. april 2018. Personbilar kan nytta Fv131 (om Porsmyr) i stengetida. Sjekk detaljar på vegvesen.no

Utlysing av tilskotsmidlar- Den Kulturelle Spaserstokken 2018

2. januar 2018 kl. 13:45 - Mary Ann Sørheim
Profesjonelle kunst- og kulturaktørar vert inviterte til å søkja tilskot til kulturaktivitetar for eldre i 2018.

Vil du bidra til rehabiliteringsplanen i Kvam?

2. januar 2018 kl. 12:52 - Rikke G. Reistad
Kvam herad er i gang med å utarbeida ny rehabiliteringsplan for vaksne. Rehabiliteringsplanen er tenkt ferdigstilt i februar 2018.

Reguleringsplan i Ljonesvågen

29. desember 2017 kl. 11:50 - Leiv Ingmar Kaale
Biofish AS ynskjer å utvida akvakulturanlegget i Ljonesvågen.

Vegstenging - Netelandsbrua i Steinsdalen

25. desember 2017 kl. 08:13 - Nils Eivind Stranden
Kvam herad skal utbetra Netelandsbrua i den kommunale vegen i Steinsdalen. Eksisterande bru skal fjernast (sjå raudt kryss i kart) og det vert lagt nye element som grunnlag for ny bru. Fundament på kvar side skal også utbetrast/fornyast. Dette betyr at vegen vert stengt i ein periode framover. Det vil ikkje vera mogeleg med gjennomkøyring i denne perioden, men det vil fortsatt vera tilkomst frå kvar side frå Steine og frå Dalatun.
  • Det er planlagt at arbeidet vil pågå frå og med måndag 8. januar til fredag 20. april 2018. Sluttdatoen kan bli endra.

Kvam herad tilbyr AvtaleGiro og eFaktura

12. juni 2016 kl. 06:58 - Kristi Neteland
AvtaleGiro og eFaktura Du kan velja mellom eFaktura, Avtalegiro eller ein kombinasjon av begge. Avtalen kan du enkelt oppretta her ved hjelp av BankID. Eventuelt kan du oppretta avtalen i nettbanken, eller ved å ta kontakt med banken din. Dersom du ikkje har nettbank kan du inngå avtale om AvtaleGiro ved å fylla ut og senda inn vår svarkupong.


Legevakt 116117



FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no