Lenke til artikkelinnhald - Snart klart for Tour des Fjords i KvamLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | LAGSPORTALEN | VAL | KVAM | PLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
AKTUELT
kunngjering
ledige stillingar
nyhende
- Kommuneplanen si..
- Boset vert henta..
- Melding om oppst..
- SMS-varsling for..
- Kulturprisen 201..
- Nye skjema for k..
- Innsamling av ar..
- Pris- og gebyrhe..
- Kvam herad tilby..
lagsportalen
kalender
logg inn/ mi side

Du er her: Startside / aktuelt / nyhende /

Snart klart for Tour des Fjords i Kvam


OBS! Denne artikkelen er henta frå arkivet og er gått ut på dato. Innhaldet kan difor vera utdatert.


Utskriftsvenleg side Lagt ut 24. mai 2017 kl. 10:11 av Frank Tangen
Tour des FjordsTorsdag 25. mai startar 2. etappe av sykkelrittet Tour des Fjords med start i Brekke i Gulen og med målgang i Steinsdalen etter ein rundtur innom Fyksesundet. Arrangørane oppmodar firma, skular, organisasjonar og enkeltpersonar om å bidra med sprelske innspel langs løypa. I Kvam vil løypetraséen vera Fv 7 over Kvamskogen og ned til Norheimsund, der vil syklistane ta vegen om Norheim og koma ned i Meierihola i Øystese. Så startar stigninga opp mot Myrane før dei kan pusta litt på ned mot Porsmyr. Frå Fyksesundsbrua går løpet langs Fv 7 heilt til målgang ved Steinsdalsfossen.

Trafikk


I samband med rittet vil det bli både vegstengingar og innsnevringar til ei køyrebane på ulike strekningar.

Vegstenging i samband med Tour des Fjords
StengtVegstrekningTekst
08.00 - 22.00Fv7: v/SteinsdalsfossenVegen kan bli periodevis stengt opp til 2,5 time frå kl 08.00 - 22.00, elles manuell dirigering. Det vil bli opna for passering i samband med bussar i rute fram til kl. 15 og etter kl 18.30.
16.00 - 18.30Fv7: Steinsdalen - Fykse
16.00 - 18.15Fv 130 og 131: Norheimsund - Øystese - FyksesundGamlevegen frå Norheimsund via Meierihola til Øystese barneskule og vidare over Myrane til Fyksesund.
15.00 - 16.30Grovagjelet og Gamle DalavegenGrovagjelet og Gamle Dalavegen frå avkjøringa til barneskulen og til krysset med Grovagjelet vert stengt i samband med barnerittet.


Barneritt


Tour des Fjords arrangerer barneritt for barn mellom 2 – 12 år ved kvar start- og målstad av dei fem etappane i årets arrangement. Det er gratis å delta og barna startar i puljer med barn på same alder. Finn fram sykkelen og bli med. Det er påbudt å bruka hjelm. Detaljar om barnerittet i Kvam:
  • Start: kl. 15.30
  • Kvar: v/Norheimsund skule (sjå løypekart)
    Barneritt

Er du gira på å ta del i det kulaste barnerittet som finst? Alle som deltar får ei flott t-skjorte. Me samarbeidar også med Kongeparken så kanskje får me vitjing av Brumle eller Brumleline?

Grovagjelet og Gamle Dalavegen frå avkjøringa til barneskulen og til krysset med Grovagjelet vert stengt i tidsrommet 1500 – 1630.

Meld deg på her!


Tidspunkt


Tidene under her er naturleg nok ikkje eksakte tider.
  • Start i Gulen (Brekke) kl. 13.20
  • Barneritt kl. 15.30 – 16.30
  • Kvamskogen ca. kl. 16.40 – 17.00
  • Norheimsund ca. kl. 17.00 – 17.25
  • Skårsvatnet (Gullfiskvatnet) ca. kl. 17.15 – 17.40
  • Fyksesundbrua ca. kl. 17.20 – 17.45
  • Øystese (Fv 7) ca. kl. 17.35 – 18.00
  • Norheimsund ca. kl. 17.45 – 18.05
  • Målgang v/Steinsdalsfossen ca. kl. 17.50 – 18.10




Lenke: http://tourdesfjords.no


Kommuneplanen sin arealdel er klar til første handsaming

22. september 2017 kl. 15:25 - Trond Inge Brakestad

Eit omfattande og viktig arbeid har no nådd ein milepæl. Den nye arealdelen til kommuneplanen skal til politisk handsaming for fyrste gong.

Boset vert henta tross konkurs i RenoNorden

20. september 2017 kl. 11:27 - Frank Tangen
Frå BIR har me fått denne informasjonen i samband med konkursen til RenoNorden, som er det selskapet som hentar boset i Kvam:

Melding om oppstart av detaljreguleringsplan

15. september 2017 kl. 15:15 - Trond Inge Brakestad
I medhald av plan- og bygningslova § 12-8 vert det kunngjort oppstart av reguleringsplan for gnr. 109, bnr. 7 m.fl., Gråskorv på Haukås i Strandebarm, Kvam herad.

SMS-varsling for avlesing av vassmålar

14. september 2017 kl. 11:50 - Maria Skeie
For å effektivisera innsamling av vassmålaravlesingar i fylgje reglementet, tar Kvam herad i bruk SMS-varsling. I veke 38 vil varsel bli sendt på SMS til din mobiltelefon viss me har registrert ditt nummer eller der du har registrert deg i offentlege register.

Kulturprisen 2017

6. september 2017 kl. 09:20 - Mary Ann Sørheim
Kvam herad ønskjer innspel til kven som skal få kulturprisen 2017.

Nye skjema for kulturtilskot

11. mai 2017 kl. 11:03 - Mary Ann Sørheim
Skal du eller laget ditt søkja kulturtilskot til ulike arrangement eller prosjekt, finn du søknadsskjema her: http://www.kvam.no/lag/samla/biblskule.asp?meny=kommunale_tilskot Informasjon: kontakt kulturkontoret v/ Mary Ann Sørheim 56 55 69 06/ 954 07 710 eller mars@kvam.kommune.no

Innsamling av arkivmateriale frå lag og organisasjonar

29. mars 2017 kl. 13:14 - Mary Ann Sørheim
Har laget ditt gamle møtebøker, arkiv, protokollar, lagsblad, vedtekter, fotomateriale, lokalhistoriske filmar osv ? Kulturkontoret vil gjerne samla og arkivera dette materialet.

Pris- og gebyrhefte

5. januar 2017 kl. 08:56 - Anita Hesthamar
Prisar og gebyr for 2017 er klare.

Kvam herad tilbyr AvtaleGiro og eFaktura

12. juni 2016 kl. 06:58 - Kristi Neteland
AvtaleGiro og eFaktura Du kan velja mellom eFaktura, Avtalegiro eller ein kombinasjon av begge. Avtalen kan du enkelt oppretta her ved hjelp av BankID. Eventuelt kan du oppretta avtalen i nettbanken, eller ved å ta kontakt med banken din. Dersom du ikkje har nettbank kan du inngå avtale om AvtaleGiro ved å fylla ut og senda inn vår svarkupong.


Legevakt 116117



FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no