Lenke til artikkelinnhald - SMS-varsling for avlesing av vassmålarLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | LAGSPORTALEN | VAL | KVAM | PLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
AKTUELT
kunngjering
ledige stillingar
nyhende
- Tilbod om norsko..
- Kulturtilskot fr..
- Notanes, oppstar..
- Vegarbeid i Skår..
- Informasjon om h..
- Vegarbeid på Fv7..
- Utlysing av tils..
- Vil du bidra til..
- Reguleringsplan ..
- Vegstenging - Ne..
- Kvam herad tilby..
lagsportalen
kalender
logg inn/ mi side

Du er her: Startside / aktuelt / nyhende /

SMS-varsling for avlesing av vassmålar


OBS! Denne artikkelen er henta frå arkivet og er gått ut på dato. Innhaldet kan difor vera utdatert.


Utskriftsvenleg side Lagt ut 14. september 2017 kl. 11:50 av Maria Skeie
For å effektivisera innsamling av vassmålaravlesingar i fylgje reglementet, tar Kvam herad i bruk SMS-varsling. I veke 38 vil varsel bli sendt på SMS til din mobiltelefon viss me har registrert ditt nummer eller der du har registrert deg i offentlege register.

I samband med vassmålaravlesing har me høve til å overstyra utsending av SMS. Dvs. at me, for enkelte eigedomar, kun vil senda ut avlesingskort. I tillegg vil det bli sendt ut avlesingskort der me ikkje finn mobilnummer.

Ved feil


DømeViss du mottar ein sms som du meinar er sendt til feil nummer, ber me deg om ikkje å svara på denne. I tillegg må den som mottar ein feilsendt sms sjekka sine opplysningar i dei offentlege registra og 1881.

Løysinga fungerer ikkje som ein innbyggjardialog. Det er inga manuell oppfølgjing.

Kan me nå deg?


Det finst to ulike register der ein kan velja å registrera seg i for at me skal nå deg (der kan du også kontrollera om du allereie er registrert). I tillegg gjer me eit siste forsøk ved å gjera oppslag på 1881.no

  1. www.norge.no/oppdater-kontaktinformasjon. I dette felles nasjonale kontaktregisteret rår me til å leggja inn både mobiltelefon og e-postadresse då mange meldingar frå det offentlege vil skje her i framtida. Dette på lik linje med t.d. sjølvmeldinga.
  2. www.varslemeg.no som er eit tilleggsregister kun kopla opp mot Varsling24 og kommunen sitt varslingssystem.


Bedrifter


Bedrifter må registrera nøkkelpersonar ved å gå inn på lenka www.varslemeg.no då telefonnummer til bedrifter ikkje kan hentast frå andre kanalar.

Ved neste neste utsending av varsel vil me nytta det mobilnummeret du svarte med, eller ev. det mobilnummeret du oppgir saman med avlesinga på www.leseav.no, eller som du oppgir på svarslippen.


Tilbod om norskopplæring for arbeidsinnvandrarar - kveldskurs påmelding

19. januar 2018 kl. 09:00 - Kjell Arne Gjøn
Vaksenopplæringa i Kvam startar opp igjen med kveldskurs i nynorsk. I følgje regelverket må personar som er frå EFTA/EØS betala for opplæringa.

Kulturtilskot frå Kvam herad 2018 -søknadsfrist 1.3.18

18. januar 2018 kl. 11:20 - Mary Ann Sørheim
Kulturtilskot frå Kvam herad 2018 -søknadsfrist 1.3.18 Frivillige lag og organisasjonar i Kvam kan søkja kulturtilskot for 2018. Søknadsfrist er 1. mars 2018.

Notanes, oppstart av reguleringsplan for offentleg avlaupsanlegg og parkområde

15. januar 2018 kl. 11:27 - Leiv Ingmar Kaale
Føremålet med detaljreguleringsplanen er å leggja til rette for utvida avlaupsanlegg med tilhøyrande infrastruktur og uteområde.

Vegarbeid i Skårdalsvegen (Fv 131)

15. januar 2018 kl. 07:12 - Nils Eivind Stranden
Kjosås Maskin AS skal utføra arbeid med utbetring av FV131 i Øystese, Skårdalsvegen, i perioden 15.01.2018 – 01.05.2018. Vegen kan verta stengt i inntil 30 minutt ved sprenging.
  • Sprenging vert varsla med lydsignal og skal utførast fredagar.

Informasjon om hovudopptak i barnehagar i 2018

12. januar 2018 kl. 10:58 - Beate Gauden
Alle barn som er fødd før 01.12.17 har lovfesta rett på barnehageplass frå og med 01.08.2018 eller den månaden dei fyller 1 år, dersom det er søkt om plass innan søknadsfristen.

Vegarbeid på Fv7 ved Laupsa

10. januar 2018 kl. 10:40 - Frank Tangen
Statens vegvesen melder at Fv7 vert periodevis stengt måndag-torsdag på grunn av vegarbeid ved Laupsa i Øystese i perioden 2. januar til 30. april 2018. Personbilar kan nytta Fv131 (om Porsmyr) i stengetida. Sjekk detaljar på vegvesen.no

Utlysing av tilskotsmidlar- Den Kulturelle Spaserstokken 2018

2. januar 2018 kl. 13:45 - Mary Ann Sørheim
Profesjonelle kunst- og kulturaktørar vert inviterte til å søkja tilskot til kulturaktivitetar for eldre i 2018.

Vil du bidra til rehabiliteringsplanen i Kvam?

2. januar 2018 kl. 12:52 - Rikke G. Reistad
Kvam herad er i gang med å utarbeida ny rehabiliteringsplan for vaksne. Rehabiliteringsplanen er tenkt ferdigstilt i februar 2018.

Reguleringsplan i Ljonesvågen

29. desember 2017 kl. 11:50 - Leiv Ingmar Kaale
Biofish AS ynskjer å utvida akvakulturanlegget i Ljonesvågen.

Vegstenging - Netelandsbrua i Steinsdalen

25. desember 2017 kl. 08:13 - Nils Eivind Stranden
Kvam herad skal utbetra Netelandsbrua i den kommunale vegen i Steinsdalen. Eksisterande bru skal fjernast (sjå raudt kryss i kart) og det vert lagt nye element som grunnlag for ny bru. Fundament på kvar side skal også utbetrast/fornyast. Dette betyr at vegen vert stengt i ein periode framover. Det vil ikkje vera mogeleg med gjennomkøyring i denne perioden, men det vil fortsatt vera tilkomst frå kvar side frå Steine og frå Dalatun.
  • Det er planlagt at arbeidet vil pågå frå og med måndag 8. januar til fredag 20. april 2018. Sluttdatoen kan bli endra.

Kvam herad tilbyr AvtaleGiro og eFaktura

12. juni 2016 kl. 06:58 - Kristi Neteland
AvtaleGiro og eFaktura Du kan velja mellom eFaktura, Avtalegiro eller ein kombinasjon av begge. Avtalen kan du enkelt oppretta her ved hjelp av BankID. Eventuelt kan du oppretta avtalen i nettbanken, eller ved å ta kontakt med banken din. Dersom du ikkje har nettbank kan du inngå avtale om AvtaleGiro ved å fylla ut og senda inn vår svarkupong.


Legevakt 116117



FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no