Lenke til artikkelinnhald - Brukarstyrt personleg assistent Lenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | LAGSPORTALEN | VAL | KVAM | PLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
AKTUELT
kunngjering
ledige stillingar
nyhende
- Tilbod om norsko..
- Kulturtilskot fr..
- Notanes, oppstar..
- Vegarbeid i Skår..
- Informasjon om h..
- Vegarbeid på Fv7..
- Utlysing av tils..
- Vil du bidra til..
- Reguleringsplan ..
- Vegstenging - Ne..
- Kvam herad tilby..
lagsportalen
kalender
logg inn/ mi side

Du er her: Startside / aktuelt / nyhende /

Brukarstyrt personleg assistent

Utskriftsvenleg side Lagt ut 10. januar 2018 kl. 15:10 av Anne Vestrheim
Pleie og omsorgstenesta søkjer etter tilkallingsvikar som brukarstyrt personleg assistent, (BPA), for funksjonshemma ung mann. Stillinga er ledig frå snarast.
Søknadsfrist: 21. januar.

Sak. 18/68
Det er mogelegheit for større stilling frå mai 2018. Arbeidstida er på kveld og helg. Kvam herad er formell arbeidsgjevar.

Arbeidsoppgåver
Ein BPA skal gi menneske med behov for hjelp moglegheit til å leve eit aktivt og mest mogleg uavhengig liv til tross for sitt funksjonsnivå. Med BPA skal mottakar i størst mogleg grad kunne ivareta plikter, interesser, behov og ønsker som alle andre.

Stilling som BPA kan inkludera pleie, hjelp med medisinske rutinar, hjelp med daglege gjeremål, ta del i sosialt liv og praktisk bistand i heimen.

Me søkjer deg som har: godt humør, har tiltakslyst og er stabil i arbeidet.
Du må ha førarkort for bil.

Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar.

For meir informasjon om stillinga, ta kontakt med: pleie og omsorgsleiar Elfrid Romsås Oma – 906 81 030, E-post: elom@kvam.kommune.no

Søknadsfrist: 21. januar 2018

Søk via vårt digitale søknadssenter.

Hugs å føra opp utdanning og praksis, også om du har opplyst om dette i tidlegare søknadar
til kommunen. Søknadspapir, kopiar av vitnemål og attestar osv. vert ikkje returnert.


Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad er ein inkluderande arbeidslivsbedrift (IA) og ønskjer å leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta.

Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.









Tilbod om norskopplæring for arbeidsinnvandrarar - kveldskurs påmelding

19. januar 2018 kl. 09:00 - Kjell Arne Gjøn
Vaksenopplæringa i Kvam startar opp igjen med kveldskurs i nynorsk. I følgje regelverket må personar som er frå EFTA/EØS betala for opplæringa.

Kulturtilskot frå Kvam herad 2018 -søknadsfrist 1.3.18

18. januar 2018 kl. 11:20 - Mary Ann Sørheim
Kulturtilskot frå Kvam herad 2018 -søknadsfrist 1.3.18 Frivillige lag og organisasjonar i Kvam kan søkja kulturtilskot for 2018. Søknadsfrist er 1. mars 2018.

Notanes, oppstart av reguleringsplan for offentleg avlaupsanlegg og parkområde

15. januar 2018 kl. 11:27 - Leiv Ingmar Kaale
Føremålet med detaljreguleringsplanen er å leggja til rette for utvida avlaupsanlegg med tilhøyrande infrastruktur og uteområde.

Vegarbeid i Skårdalsvegen (Fv 131)

15. januar 2018 kl. 07:12 - Nils Eivind Stranden
Kjosås Maskin AS skal utføra arbeid med utbetring av FV131 i Øystese, Skårdalsvegen, i perioden 15.01.2018 – 01.05.2018. Vegen kan verta stengt i inntil 30 minutt ved sprenging.
  • Sprenging vert varsla med lydsignal og skal utførast fredagar.

Informasjon om hovudopptak i barnehagar i 2018

12. januar 2018 kl. 10:58 - Beate Gauden
Alle barn som er fødd før 01.12.17 har lovfesta rett på barnehageplass frå og med 01.08.2018 eller den månaden dei fyller 1 år, dersom det er søkt om plass innan søknadsfristen.

Vegarbeid på Fv7 ved Laupsa

10. januar 2018 kl. 10:40 - Frank Tangen
Statens vegvesen melder at Fv7 vert periodevis stengt måndag-torsdag på grunn av vegarbeid ved Laupsa i Øystese i perioden 2. januar til 30. april 2018. Personbilar kan nytta Fv131 (om Porsmyr) i stengetida. Sjekk detaljar på vegvesen.no

Utlysing av tilskotsmidlar- Den Kulturelle Spaserstokken 2018

2. januar 2018 kl. 13:45 - Mary Ann Sørheim
Profesjonelle kunst- og kulturaktørar vert inviterte til å søkja tilskot til kulturaktivitetar for eldre i 2018.

Vil du bidra til rehabiliteringsplanen i Kvam?

2. januar 2018 kl. 12:52 - Rikke G. Reistad
Kvam herad er i gang med å utarbeida ny rehabiliteringsplan for vaksne. Rehabiliteringsplanen er tenkt ferdigstilt i februar 2018.

Reguleringsplan i Ljonesvågen

29. desember 2017 kl. 11:50 - Leiv Ingmar Kaale
Biofish AS ynskjer å utvida akvakulturanlegget i Ljonesvågen.

Vegstenging - Netelandsbrua i Steinsdalen

25. desember 2017 kl. 08:13 - Nils Eivind Stranden
Kvam herad skal utbetra Netelandsbrua i den kommunale vegen i Steinsdalen. Eksisterande bru skal fjernast (sjå raudt kryss i kart) og det vert lagt nye element som grunnlag for ny bru. Fundament på kvar side skal også utbetrast/fornyast. Dette betyr at vegen vert stengt i ein periode framover. Det vil ikkje vera mogeleg med gjennomkøyring i denne perioden, men det vil fortsatt vera tilkomst frå kvar side frå Steine og frå Dalatun.
  • Det er planlagt at arbeidet vil pågå frå og med måndag 8. januar til fredag 20. april 2018. Sluttdatoen kan bli endra.

Kvam herad tilbyr AvtaleGiro og eFaktura

12. juni 2016 kl. 06:58 - Kristi Neteland
AvtaleGiro og eFaktura Du kan velja mellom eFaktura, Avtalegiro eller ein kombinasjon av begge. Avtalen kan du enkelt oppretta her ved hjelp av BankID. Eventuelt kan du oppretta avtalen i nettbanken, eller ved å ta kontakt med banken din. Dersom du ikkje har nettbank kan du inngå avtale om AvtaleGiro ved å fylla ut og senda inn vår svarkupong.


Legevakt 116117



FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no