Lenke til artikkelinnhald - TenesterLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | LAGSPORTALEN | VAL | KVAM | PLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
TENESTER
arbeid og næring
born og ungdom
bustad og eigedom
eldre
familie og samliv
helse
individ og samfunn
innvandring
miljø, kultur og fritid
religion og livssyn
rettslege spørsmål
skattar og avgifter
skule og utdanning
sosiale tenester
trafikk og køyrety
plan og byggesak
kommunale avgifter
Lenke - Vert opna i nytt vindagabarnehagar
Lenke - Vert opna i nytt vindagaavgiftshefte

Du er her: Startside / tenester /

Byggesøknad

Utskriftsvenleg side Lagt ut 6. juni 2017 kl. 09:48 av Bjørn Vik
Serviceerklæring for byggjesøknad
1. Tenestedefinisjon
Handsaming av byggesøknader, til syn og ulovlegoppfølging etter bestemmelsane gitt i og i medhald av plan- og bygningslova herunder godkjenning av tiltak, ansvarsrett, dispensasjon-og klagesakshandsaming.

Handsaming av søknad etter veglova (kommunale vegar), og etter havne og farvannslova.

Søknad om utsleppsløyve etter ureiningslova, og tilkobling til offentleg VA ledningsnett.

Føring av opplysningar i matrikkelen som skjer som ledd i heradet si sakshandsaming av byggesaker.

2. Kven får tenesta
Den som søkjer om å setja i gang tiltak i Kvam herad, og den som ynskjer å stå for byggearbeidet. Den som ynskjer å klage på vedtak.

3. Korleis få tenesta

3.a Bygg uten søknad.
Nokre tiltak er unnateke frå søknadsplikta, sjå pb-lov § 20-3, SAK forskrifta 4-1. Ta kontakt med heradet dersom du er i tvil om tiltaket fell inn under unntaksregelen. Tiltakshavar har heile ansvaret for at tiltaket er i samsvar med pb-lova og offentlege planar.

3.b Søk om byggeløyve.
Dei fleste tiltak er søknadspliktige etter pb-lova , jfr pb-lova § 20-1 og § 20-2 samt SAK forskrift § 2-1,2-2,3-1,3-2. Nokre tiltak kan og vere i strid med t.d. strandsonevernet, kommuneplanar eller reguleringsplanar eller materielle krav i pb-lova. I slike tilfeller må det i tillegg søkast om dispensasjon.

Heradet tilrår førehandskonferanse før byggesøknad vert sendt inn, for å avklare rammene for byggeprosjektet tidleg i prosjekteringsfasen.

For rask sakshandsaming er det viktig at heradet mottek rett og fullstendig søknad.

Søknadsskjema skal sendast inn til kommunen saman med nødvendig kart, teikningar, nabooppgåve, etc.

Heradet oppfordrar alle til å levere byggesøknaden elektronisk via BYGGSØK . Heradet abonnerer på elektroniske søknadsskjema som alle kan bruke gratis. Tilsvarande ligg alle søknadsskjema i fellessekretariatet på rådhuset.

Byggesøknadene vert handsama innanfor lovfesta tidsfristar, og vert enten handsama av rådmannen på fullmakt, eller i Kvam næring-, plan- og bygningsutval.

4. Sakshandsamingstid
Søkjar får svar med stadfesting på motteken søknad, opplysningar om sakshandsamingstid, innan 1 veke

Førehandskonferanse 2 veker

Søknad om byggeløyve etter §§20-1,20-2, i samsvar med pb-lov, plan, utan nabomerknader eller behov for løyve, uttale frå andre etatar. Dersom kommunen ikkje har avgjort søknaden innan fristen, kan løyve reknast som gitt. Løyve ikkje reknast som gitt dersom det er naboprotestar. Gjennomføring av tiltak før kommunen har gjort vedtak skjer for tiltakshavar sitt ansvar. 3 veker

Søknad om rammeløyve og endring av rammeløyve 12 veker

Søknad om byggeløyve etter §§20-1,20-2 som ikkje krev dispensasjon 12 veker

Uttaletid frå andre styresmakter 4 veker

Søknad om igangsettingsløyve 3 veker

Søknad om midlertidige bruksløyve 3 veker

Ferdigattest 3 veker

Klage skal sendast klageinstans 8 veker

Klagesak der det er gitt utsatt iverksetting forvaltningslova § 42 skal sendast klageinstans 6 veker

Det kan i den einskilda sak avtalast lenger frist.

5. Kva omfattar tenesta
Ved mottak av byggesøknad vurderer heradet;
- om dei generelle krav til søknad og dokumentasjon er på plass
- om nabovarsling er komplett og tilhøve til nabointeressene
- om ein skal innhenta løyve, samtykke eller uttale frå andre lover og styresmakter. Aktuelle lover og etatar framgår av lovoversikten i denne serviceerklæringa punkt 7.

Under sakshandsaminga vurderer heradet;
- om gjennomføringsplan er utarbeidd for tiltak som skal dekkast med ansvarsrettar
- om sluttdokumentasjon FDV dokumentasjon er på plass
- om avfallsplanar og miljøsaneringsdokumnetasjon er på plass
- om krav til estetikk, universell utforming og energibruk vert fulgt
- om søknaden er lagt i rett tiltaksklasse (sakstype) for foretaket
- om plassering på tomta er rett (godt nok dokumentert)
- om krav til utnyttingsgrad og høgd på bygget føl lov og plan.
- om tiltaket elles er i samsvar med lovverk og forskrift (TEK)
- om tiltaket elles er i samsvar med gjeldande planar
- om tiltaker er avhengig av andre løyve
Søkjar kan påverka sakshandsamingstid ved å levere inn fullstendig søknad med god dokumentasjon, t.d. med "aktivt" nabovarsel og at evt. dispensasjon frå veglova (Statens vegvesen) er innhenta.

6. Kva kan eg forventa av dei tilsette
At eg blir møtt på ein respektfull og høfleg måte.
At eg får god veiledning og fagleg forsvarleg hjelp med dei oppgåvene som skal løysast.

7. Pris
Gebyr for byggjesakshandsaming er fastsett i gebyrreglementet i HST sak 138/12.

8. Lov- og plangrunnlaget er
Lov om planlegging og byggesaksbehandling (Plan- og bygningsloven), 27.06.2008.
Lov om behandlingsmåten o forvaltningssaker (Forvaltningsloven), 10.02.1967.
Lov om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd (offentleglova), 2006.05.19 nr 16
Lov om vern mot forurensninger og om avfall (Forurensningsloven), 1981.03.13 nr 006
Lov om eigedomsregistrering (Matrikkelloven), 2005.06.17 nr 101
Lov om havner og farvann m.v., 2009.04.17 nr 19
Lov om vassdrag og grunnvann (vannressursloven), 2000.11.24 nr 82.
Lov om jord (jordlova), 12.05.1995 nr 023
Lov om vern mot brann, eksplosjon og ulykker med farlig stoff og om brannvesenets redningsoppgaver (brann- og eksplosjonsvernloven), 14.06.2002 nr 20.
Lov om oppdrett av fiske, skalldyr m.v. , av 14. juni 1985 nr. 68
Lov om kulturminner, 1978.06.09 nr 050.
Lov om forvaltning av naturens mangfold (naturmangfoldloven), 2009.06.19 nr 100.
Lov om skogbruk (skogbrukslova), 27.05.2005 nr. 31
Veglov, 1963.06.21 nr 023
Lov om rettshøve mellom grannar (grannelova), 1961.06.16 nr 015.
Lov om friluftslivet (Friluftsloven), 1957.06.28 nr 016.
Lov om vassdragene, (Vassdragsloven), 1940.03.15 nr 003.
Kommuneplan for Kvam, arealdelen, vedtak HST- sak 058/06 13.06.06 Plankart, Føresegner og retningslinjer og Beredskap i kommuneplanen
Kommunedelplan for Norheimsund Vest, vedtak HST-sak 014/03 11.02.03 Plankart, Føresegner.
Kommunedelplan for Kvamskoqen. vedtak HST-sak83/11,6/9/2011 Plankart, føresegner, retningslinjer, planomtale.
Gjeldande reguleringsplanar, disposisjonsplanar og utbyggingsplanar for det aktuelle område.
Gå til http://kart.kvam.no og søk alle reguleringsplanar under karttyper for planar.

9. Når ting ikkje fungerer
Dersom du ikkje er nøgd med måten du vert møtt på, kontakt Kvam herad, Teknisk eining, byggjesak og geodata.

10. Klage
Heradet kan ikkje innfri forventningane i søknaden når tiltaket kjem i konflikt med gjeldande lover, statlege retningsliner, naboar sine rettar og andre juridisk bindande planar.
Skriftleg klage på innhaldet i vedtak vert avgjort av fylkesmannen, men skal sendast via Kvam herad. Klagefrist er 3 veker frå motteken melding.

11. Brosjyrar, anna/meir informasjon:
Annan og meir informasjon får du på våre heimesider www.Kvam.no, eller ved å kontakte fellessekretariatet eller sakshandsamar.

12. Praktiske opplysningar
Opningstider rådhuset: Kvardagar, måndag – fredag frå kl. 0900 til kl. 1500.
Adresser, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund
Telefonnummer. 56 55 30 00, Fax, .56 55 30 01
E-post: postmottak@kvam.kommune.no
Internett: www.kvam.kommune.no

Telefonnummer til sakshandsamarane;
Asbjørn Flatebø byggesakshandsamar 56 55 85 76 / 917 05 307
Rune Vik byggjesakshandsamar 56 55 31 63
Ronny Andersen byggjesakshandsamar 56 55 30 26 / 92 80 76 39
Bjørn Vik leiar byggjesak og geodata 56553179/97525515


Epost: bjorn.vik@kvam.kommune.no



Legevakt 116117


ARILD M. STEINE RÅDMANN Arild M. Steine Rådmann


FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no