Lenke til artikkelinnhald - TenesterLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | LAGSPORTALEN | VAL | KVAM | PLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
TENESTER
arbeid og næring
born og ungdom
bustad og eigedom
eldre
familie og samliv
helse
individ og samfunn
innvandring
miljø, kultur og fritid
religion og livssyn
rettslege spørsmål
skattar og avgifter
skule og utdanning
sosiale tenester
trafikk og køyrety
plan og byggesak
kommunale avgifter
Lenke - Vert opna i nytt vindagabarnehagar
Lenke - Vert opna i nytt vindagaavgiftshefte

Du er her: Startside / tenester /

Bustøtte

Utskriftsvenleg side Lagt ut 30. september 2014 kl. 09:52 av Åslaug Bøhn Botnen
Bustøtte er ei behovsprøvd statleg støtteordning for deg som har låg inntekt og høge bukostnader.
Husbanken og kommunen samarbeider om bustøtteordninga. Husbanken fattar vedtaka, men det er kommunen som behandlar søknadene og har all kontakt med deg som søkjar.

Vilkår for bustøtte


Alle over 18 år kan søkje bustøtte bortsett frå studentar og personar i førstegongsteneste. Du kan likevel søkje dersom du
  • er student med barn
  • er student utan barn og studiet er ein lekk i eit offentleg arbeidsretta tiltak
  • er under 18 år og har eigne barn

Du må bu i bustaden du søkjer bustøtte for. Alle som bur i bustaden, må også vere registrerte i folkeregisteret.

Bustaden din må vere godkjend for heilårsbruk. Samstundes må bustaden ha eigen inngang, eige bad/toalett, og det må vere mogleg å kvile og lage mat der. Bur du i bufellesskap og har fått tilvist bustaden av kommunen, kan du likevel søkje bustøtte.

Grenser for inntekt


Det er sett øvre grenser for kor høgt inntektsgrunnlag du kan ha for å kunne få bustøtte.

Korleis søkje bustøtte?


Du kan søkje bustøtte elektronisk eller på papir. Søknadsfristen for bustøtte er den 14. kvar månad. Utbetalinga kjem omkring den 10. i månaden etter.


Du kan søkje frå PC/ Mac, smarttelefon eller nettbrett og du må ha tilgang til å skanne eller ta foto av dokumenter som skal leggjast ved søknaden.

Papirsøknader skal du sende til Kvam herad, Helse og omsorg, Forvaltarkontoret, Nedre Norheim 44, 5600 NORHEIMSUND

Du må melde frå om endringar


Dersom du får samtykke om bustøtte, treng du ikkje søkje kvar månad. Men du må melde frå skriftleg til kommunen
  • dersom det skjer vesentlege endringar i inntekt og formue (då må du sende inn eige skjema)
  • dersom du/de flyttar til ein ny bustad (då må du også søkje på nytt)
  • dersom ein eller fleire personar flyttar inn eller ut av bustaden
  • dersom bukostnadene endrar seg
  • dersom ein i huslyden blir student

Melde frå om endringar elektronisk eller skriftleg til kommunen

Klage på vedtak om bustøtte


Dersom du meiner noko er feil i vedtaket, kan du klage innan 3 veker frå du fekk melding om vedtaket. I nokre høve må du fylle ut eit eige klageskjema. Klagen skal du sende til kommunen.

Klage på vedtak om bustøtte

Ønskjer du å søkje bustøtte for komande månader, må du sende inn ny søknad til kommunen.

Meir informasjon


Du finn meir informasjon om bustøtte på Husbankens bustøttesider.

Du kan også ta kontakt med kommunen for å få hjelp og rettleiing på
Forvaltarkontoret, Nedre Norheim 44, Toloheimen, Norheimsund
Sara Marie Klyve, telefon 56558649

Regelverk





Epost: aabb@kvam.kommune.no



Legevakt 116117


ARILD M. STEINE RÅDMANN Arild M. Steine Rådmann


FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no