Lenke til artikkelinnhald - TenesterLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | LAGSPORTALEN | VAL | KVAM | PLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
TENESTER
arbeid og næring
born og ungdom
bustad og eigedom
eldre
familie og samliv
helse
individ og samfunn
innvandring
miljø, kultur og fritid
religion og livssyn
rettslege spørsmål
skattar og avgifter
skule og utdanning
sosiale tenester
trafikk og køyrety
plan og byggesak
kommunale avgifter
Lenke - Vert opna i nytt vindagabarnehagar
Lenke - Vert opna i nytt vindagaavgiftshefte

Du er her: Startside / tenester /

Serviceerklæring frådeling og seksjonering

Utskriftsvenleg side Lagt ut 22. mai 2017 kl. 11:37 av Bjørn Vik
Servicerklæring for tenestene deling etter plan og bygningslova §20-1 og seksjonering etter eierseksjoneringslova.
1. Tenestedefinisjon (teneste nr 30200)
Frådeling frå private og kommunale eigedomar

2. Kven får tenesta
Heimelshavar til (eigar av) eigedom i Kvam som ynskjer å dela eller seksjonere ein eigedom. For rask sakshandsaming er det viktig at heradet mottek rett og fullstendig søknad, gjerne med "aktivt" nabovarsel , og at ev. dispensasjon frå gjeldande planar og evt veglova m.v. er innhenta.

3. Korleis få tenesta
Skjema, kart, nabooppgåve og rettleiing om utfylling får de ved å kontakta fellessekretariatet/sakshandsamar. Denne delen av tenesta er gratis. Rettleiing og skjema er også å finna under menyen tenester -> plan- og byggesak -> delingssak på internett: www.kvam.no

Ingen søknadsfrist. Frådelingsaker skal handsamast innan 12 veker og seksjonering 2-4 månader. Ved oversitjing av fristen for delingssaker vert del av sakshandssamingsgebyret attendebetalt, jf forskrift.

Delegerte saker vert handsama fortløpande. Krev sakstypen politisk avgjerd (dispensasjonar, klagesaker og prinsippielle saker) vert sakshandsamingstida lengre, på grunn av møteplan for Kvam næring, plan, og bygningsutval. Det er ikkje fristar knytt til dispensasjonsøknader, men Kvam herad prøver å ha maksimal 5 måneds handsamingstid.

4. Kva omfattar tenesta
Sakshandsamar vurderer:
Sakstypen
Tilhøve til gjeldande lovverk
Tilhøve til gjeldande planar
Tilhøve til naboeigedommar
Kven har uttalerett i saka (partar)
Om ein skal innhenta uttale frå andre styresmakter
Viss søknad om frådeling ligg innan eit LNF-område, vert saka også handsama etter jordlova.

Søkjar skal ha raskt svar med stadfesting på motteken søknad (sakshandsamingstid, sakshandsamar). Søkjar får skriftleg melding når det er gjort vedtak i saka.

Når det føreligg vedtak om frådeling eller seksjonering, vil kommunen føreta naudsynt varsling om kartforretning til dei som er partar i saka, og gjennomføra kartforretningen. Kommunen føretek oppmåling av parsellen og merkar av grensene. Det vil så verta utarbeid matrikkelbrev over eigedomen, som vert sendt til tinglysing. Matrikkelbrevet vert levert i løpet av 16 veker etter at godkjent frådeling føreligg. Sakshandsamar kan kontaktast ved evt. spesifikke ynskje om tidspunkt.

Skal den frådelte eigedomen overdragast til annan eigar, skal det skrivast ut skøyte. Der Kvam herad sjølv ikkje er heimelshavar til eigedomen, er dette eit privatsrettsleg tilhøve. Søkjar kan venda seg til Statens kartverk Hønefoss, tlf. 32 11 88 00, for nærare opplysningar om skøyte og tinglysing.

Ved heimelsoverdraging for ubygd tomt til føremål bustad- og fritidsbustad på inntil 2 da, og for areal med påståande bygning inntil 100 da, skal det søkjast konsesjon eller det kan det leverast "Eigenfråsegn om konsesjonsfritak" til Kvam herad. Informasjon om konsesjon/konsesjonsfritak kan du få ved å kontakta fellsesekreteriatet.

5. Kva kan eg forventa av dei tilsette
- At eg vert møtt på ein respektfull og høfleg måte.
- At dei held teieplikta si.
- At eg får fagleg forsvarleg hjelp med dei oppgåvene som skal løysast.

6. Kostnad
Søknad om deling av eigedom kan utløyse fleire tenester:
- vedtak om deling jf. Plan- og bygningslova §20-1 m)
- evt. vedtak om omdisponering og deling jf. Jordlova §§ 9 og 12
- vedtak om seksjoner eierseksjoneringsloven
- oppmålingsforretning med markarbeid
- matrikulering og tinglysing.

Heradet krev gebyr for tenestene, jf. årleg fastsette gebyrsatsar ved heradstyrevedtak. Sjå gjeldande satsar på internett-sida til Kvam herad: www.kvam.no


7. Lov- og plangrunnlaget er
2008.06.27 nr 71 Lov om planlegging og byggesaksbehandling (plan- og bygningsloven).
Eierseksjonsloven
2000.11.24 nr 82: Lov om vassdrag og grunnvann (vannressursloven)
1995.05.12 nr 023: Lov om jord (jordlova).
2002.06.14 nr 20: Lov om brannvern m.v.
1985.06.14 nr 068: Lov om oppdrett av fisk, skalldyr m.v.
2009.04.? nr 051: Lov om havner og farvann m.v.
1981.03.13 nr 006: Lov om vern mot forurensninger og om avfall (Forurensningsloven).
2005.06.17 nr 101: Lov om eigedomsregistrering (Matrikkelloven)
1978.06.09 nr 050: Lov om kulturminner.
2006.05.19 nr 16: Lov om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd (offentleglova).
2009.06.19 nr 100; Lov om forvaltning av naturens mangfold (naturmangfoldloven)
1967.02.10 nr 10: Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningsloven).
1965.05.21 nr 23: Lov om skogbruk og skogvern.
1963.06.21 nr 023: Veglov.
1961.06.16 nr 015: Lov om rettshøve mellom grannar (grannelova).
1957.06.28 nr 016: Lov om friluftslivet.
1940.03.15 nr 003: Lov om vassdragene.

Kommuneplan for Kvam, arealdelen, vedtak HST- sak 058/06 13.06.06
Kommunedelplan for Norheimsund Vest, vedtak HST-sak 014/03 11.02.03
Kommunedelplan for Kvamskoqen. vedtak HST-sak x/11, 6.9.2011.
Gjeldande reguleringsplanar, disposisjonsplanar og utbyggingsplanar for det aktuelle område.

8. Når ting ikkje fungerer
Heradet kan ikkje innfri forventningane i søknaden når tiltaket kjem i konflikt med gjeldande lovverk, statlege retningsliner, naboar sine rettar og juridisk bindande planar.

9. Klage
Om du ikkje nøgd med måten du vert møtt på, kontakt Teknisk eining ved byggjesak og geodata. Skriftleg klage på innhald i vedtak vert avgjort av fylkesmannen, sendt via Kvam herad. Klagefrist er 3 veker frå motteken melding, jf. Forvaltningslova § 29.

10. Informasjon:
Generell informasjon om frådeling er å finna under tenester -> plan- og byggesak -> delingssak på Kvam herad sine internettsider: www.kvam.no Ytterlegare informasjon kan du få ved å kontakta fellessekreteriatet eller sakshandsamar.

11. Praktiske opplysningar
Opningstider rådhuset 09.00 – 15.00 mand - fred
Adresse: Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund
Telefonnummer: 56 55 30 00 - Fax: 56 55 30 01
E-post: postmottak@kvam.kommune.no
Internett: www.kvam.kommune.no
Kontaktinformasjon:

Rune Vik sakshandsamar Tlf 56 55 31 63
Bjørn Vik Leiar byggjesak og geodata, 56 55 31 79

Epost: bjorn.vik@kvam.kommune.no



Legevakt 116117


ARILD M. STEINE RÅDMANN Arild M. Steine Rådmann


FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no