Lenke til artikkelinnhald - TenesterLenke til artikkelinnhald A - A - A | Sidekart |
AKTUELT | TENESTER | POLITISK | LAGSPORTALEN | VAL | KVAM | PLAN | POSTLISTE | KONTAKT | SKJEMA |
TENESTER
arbeid og næring
born og ungdom
bustad og eigedom
eldre
familie og samliv
helse
individ og samfunn
innvandring
miljø, kultur og fritid
religion og livssyn
rettslege spørsmål
skattar og avgifter
skule og utdanning
sosiale tenester
trafikk og køyrety
plan og byggesak
kommunale avgifter
Lenke - Vert opna i nytt vindagabarnehagar
Lenke - Vert opna i nytt vindagaavgiftshefte

Du er her: Startside / tenester /

Kvam herad tilbyr AvtaleGiro og eFaktura

Utskriftsvenleg side Lagt ut 5. juli 2017 kl. 08:13 av Kristi Neteland
Du kan velja mellom eFaktura, Avtalegiro eller ein kombinasjon av begge. Avtalen kan du enkelt oppretta her ved hjelp av BankID. Eventuelt kan du oppretta avtalen i nettbanken, eller ved å ta kontakt med banken din.

Dersom du ikkje har nettbank kan du inngå avtale om AvtaleGiro ved å fylla ut og senda inn vår svarkupong.

eFaktura kombinert med AvtaleGiro


Med kombinasjon får du det beste frå begge løysingane. eFaktura vert sendt ferdig utfylt til nettbanken og vert trekt automatisk på forfall.

Få dine rekningar ferdig utfylt, og unngå purringar


eFaktura
Med eFaktura får du rekninga ferdig utfylt rett i nettbanken din. Du godkjenner med eit klikk. Beløp og forfallsdato kan endrast. Dersom du inngår avtale om eFaktura vert alle fakturaer frå Kvam herad sendt til deg som eFaktura, uavhengig av eining.

Korleis får du eFaktura?


Sei ja takk når du får tilbod om eFaktura neste gong du betalar ei rekning til Kvam herad i nettbanken din. Ditt 6-sifra kundenummer med 00 framfor, er din eFakturareferanse. Ein annan måte å inngå avtale på, er å søkja opp Kvam herad som eFakturatilbydar i nettbanken.
Du kan når som helst seia opp avtalen i nettbanken.

www.efaktura.no finn du meir informasjon og du kan sjå korleis du opprettar ein avtale om eFaktura i din nettbank. (Søk opp din bank under ”Er du klar?”)

AvtaleGiro
AvtaleGiro er ei teneste for automatisk betaling av faste rekningar. Banken trekkjer automatisk beløpet frå kontoen din på forfallsdato. Det trengs ingen godkjenning. Betalinga kan ikkje endrast, men kan stoppast.
På AvtaleGiro inngår du ein avtale per eining, dvs barnehage, pleie/omsorg, eigedomsgebyr og husleiger. Det betyr at du kan velja å ha AvtaleGiro på barnehagefakturaen, men ikkje på eigedomsgebyra. NB! Du får ikkje sjå fakturaen i nettbanken.

Korleis får du AvtaleGiro?


Sei ja takk når du får tilbod om AvtaleGiro neste gong du betalar ei rekning til Kvam herad i nettbanken din. Du kan også søkja opp Kvam herad i nettbanken og inngå avtale. Du må leggja inn kidnr og eFakturareferanse. eFakturareferanse er lik kundenummeret ditt, som du finn på fakturaen. Kidnr finn du også på ein ny eller gamal faktura. Skal du inngå avtale på barnehage, må du bruka kidnr frå ein barnehagefaktura, for husleige frå ein husleigefaktura osv.
Du kan når som helst seia opp avtalen i nettbanken, eller ved å ta kontakt med banken din.

www.avtalegiro.no finn du meir informasjon om AvtaleGiro.


Epost: krne@kvam.kommune.no
Heimeside: https://pvu.nets.no/pvu-suggestions/efaktura



Legevakt 116117


ARILD M. STEINE RÅDMANN Arild M. Steine Rådmann


FACEBOOK  Facebook

Godkjent HTML 4.01 Transitional
Kvam herad, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund - telefon: 56553000 / faks: 56553001, epost: postmottak@kvam.kommune.no