Demokratiopplæring for ungdom på rådhuset

Tysdag 9.4 og fredag 12.4 var heradstyresalen på rådhuset satt av til demokratiopplæring av ungdom i Kvam.

Bilde av arbeidsgruppe leia av Sondre Fagerheim i ungdomsrådet - Klikk for stort bileteArbeidsgruppe leia av Sondre Fagerheim i ungdomsrådet

 

Kvam ungdomsråd har gjennom fleire år arbeidd målretta for å oppnå ein posisjon der rådet blir sett og høyrt og er ein naturleg del av lokaldemokratiet i

Kvam. Ungdomsrådet ser at det er viktig å sikra dialogen mellom ungdomsrådet og dei som ungdomsrådet er meint å representera. 

I tillegg ønskjer ungdomsrådet å sikra betre medverknad. Ungdomsrådet har difor teke initiativ til ei felles demokratiopplæring og opplæring i medverknad for elevråda ved

barne (mellomtrinnet)- og ungdomstrinna ved skulane i Kvam og representantane i ungdomsrådet 9.4.2024 og 12.4.2024 kl. 09.15- 13.25.

 

Representantar frå kommuneadministrasjonen

Ingunn Hildonen Teigland, Koordinator Betre tverrfagleg innsats for barn og unge i Kvam (BTI), Kari Weltzien Vik, koordinator for Kvam ungdomsråd, rådmann Anita Hesthamar og ordførar Torgeir Næss har delteke med innlegg i tillegg til ungdomsrådet sjølv.

 

Bilde av representantar frå kommuneadministrasjonen Ingunn og Kari - Klikk for stort bilete

 

Aktivitet:

• Opplæring i (lokal)demokrati og medverknad for elevråda i Kvam og ungdomsrådet (kurs)

• Workshop (nye felles) rutinar for elevråda og elevrådsarbeid på skulane i Kvam og rutinar for kontaktflyten mellom elevråda og ungdomsrådet.

 

Opplæringa desse dagane har blitt tilpassa aldersgruppa som har delteke. Kontaktpersonane for elevråda på skulane har også vore invitert til å følgja opplæringa og delta i Workshoppen. På tysdag 9.4.2024 var det elevråda på ungdomstrinnet som var samla og fredag 12.4. var mellomtrinnet på barneskulen samla. Representantar frå ungdomsrådet deltok begge dagar.

 

Målet med aktiviteten:

Å styrka kunnskapen om demokrati (lokaldemokratiet), auka medverknad blant barn og unge, få kursdeltakarane til å forstå at stemma deira er viktig og må nyttast dersom ein til dømes ønskjer endring eller vil oppretthalda eksisterande tilbod. 

Vidare er det også ei målsetning om å styrka banda mellom ungdomsrådet og elevråda for å sikra ein endå betre dialog.

 

bilde av aktivitet under demokratiopplæringa - Klikk for stort bilete

 

Det er sett ned ei arbeidsgruppe som skal arbeida vidare med retningslinjer for elevrådsarbeid og rutinar for kontakt med ungdomsrådet.

Om lag 90 personar har delteke dei to dagane og JA arrangementet har vore kjekt og vellukka! 

HF har skrive om arrangementet i avisa fredag.

 

Kari Weltzien Vik
koordinator for Kvam ungdomsråd