Endring i gebyr på feiing og tilsyn

Gebyr for feiing og tilsyn med fyringsanlegg blir endra frå 1. januar 2024.

bilde av feiar på veg opp stige til tak og pipe - Klikk for stort bilete Kvam brann og redning

 

Skattedirektoratet har i ei prinsipputtalelse i februar 2024 konkludert med at kommunane ikkje skal berekna meirverdiavgift på gebyr for lovpålagt feiing og tilsyn med fyringsanlegg. 

Dette gjeld frå og med i år (2024).

Denne endringa gjeld for alle kommunane i landet, etter at Skattedirektoratet har gjort ei grundigare vurdering om feiing og tilsyn med fyringsanlegg blir omfatta av unntak i meirverdiavgiftslova.

Konklusjonen til Skattedirektoratet kan du lese her:  Merverdiavgiftsloven § 3-9 – Offentlig myndighetsutøvelse mv. - Skatteetaten

Skattedirektoratet har gitt uttrykk for at det ikkje er grunn til å endre frådragsføring av kostnadar (for feiing og tilsyn) for tidlegare år. Kvam herad har derfor valgt å ikkje tilbakebetale innkrevd merverdiavgift frå tidlegare år, men betalar tilbake meirverdiavgift til dei som har betalt dette i 2024. Det vil gjelde dei som får 4 eller 12 faktura i året. Dei som har 1 eller 2 faktura i året har fått rett beløp på faktura i april.

Ein eigedom med ei pipe/løp og 4 faktura i året vil få tilbakebetalt kr 30,-.  

Ein eigedom med 12 faktura i året vil få tilbakebetalt kr 20,-.  

Desse beløpa vil verta trekt frå på komande faktura.

 

 Nye gebyrsatsar for feiing og tilsyn 2024:

  • Gebyr for tilsyn med fyringsanlegg                                     kr 480,00
  • Gebyr for tilsyn med fyringsanlegg fleire piper/løp            kr 240,00
  • Gebyr for tilsyn med fyringsanlegg fritidsbustad                kr 480,00
  • Timepris for feiing                                                               kr 392,00